Håper å få alle kopla inn igjen i natt
Straumbrot etter lynnedslag.
Laurdag kveld kom det, som meldt, lyn inn over Bjørnafjorden.
Første område som mista straumen var Krokeide, og i løpet av kvelden gjekk straumen 4-5 plassar i BKK sitt område.
Blant desse er eit område frå Os nord til og med Søfteland, med 1.385 utkopla.
– Foreløpig veit eg ikkje meir enn det vi har gått ut med på nett, at vi reknar med å få kopla inn abonnentane i 02.30-tida, seier pressevakt hos BKK til Midtsiden.
I alt er over 3.700 utan straum før midnatt.
Også på Tysnes, der det er festival, er det ei utkopling, men berre av éin abonnent.
OPPDATERT: Søndag morgon er det seks abonnentar igjen utan straum, på Gåssand. Desse er venta påkopla klokka 15 i dag.