Sport | 20. okt. 2015

Nytt løp i 2016: Linken Opp

Opptur Motbakkeklubb, som neste år overtar Liafjellet Opp, lager også eit heilt nytt motbakkeløp våren 2016.

Nytt løp i 2016: Linken Opp
Linken er bratt og utsikta frå toppen er fantastisk. (Privat bilde/foto: Janne Forstrønen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 20. okt. 2015 13:33

– Liafjellet Opp har vore veldig populært, men dette med motbakkeløp er litt ved sidan av det vi driv med og passar betre for andre å arrangera, sa dagleg leiar i Nore Neset idrettslag, Jarle Heltne, til Midtsiden tidlegare i haust.

NNIL arrangerte likevel løp til Liafjellet under Nore Neset Dagane, men kalla det «Trimløp til Liafjellet».

Opptur Motbakkeklubb har takka ja til å overta, og kjem til å arrangera Liafjellet Opp i september neste år, helga før Stoltzen som god oppvarming til det kjente trappeløpet i Bergen.

– Liafjellet Opp er eit godt og populært løp som er bra innarbeidd og har vore gjennomført med stil i 11 år. Vi ser fram til å arrangera Liafjellet Opp i september 2016, seier Klas Færøvik.

Til Linken til våren

I tillegg til Liafjellet Opp lager motbakkeklubben eit heilt nytt løp neste år, Linken Opp.

– Linken er ein bratt og kompakt tur, rett opp og rett ned igjen. Vi har brukt den mykje til trening og no har vi endeleg bestemt oss for å laga motbakkeløp opp denne traseen, seier Klas Færøvik

Linken ligg 479 moh i vestenden av platået på Tøsdalsfjellet (605 moh) og frå toppen har du ei fantastisk utsikt over Os.

– Linken Opp blir på våren, truleg i mai, men det kjem vi tilbake til, seier Færøvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.