Nytt departement og seks nye statsrådar
Statsminister Støre med pressekonferanse i dag.
I dag fortalde statsminister Jona Gahr Støre om endringar i regjeringa.
Kongen har i statsråd gitt utanriksminister Anniken Huitfeldt, arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen, kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik og fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran avskil i nåde.
- Kunnskapsminister Tonje Brenna har fått avskil i nåde, og er utnemnt til ny arbeids- og inkluderingsminister.
- Klima- og miljøminister Espen Barth Eide har fått avskil i nåde, og er utnemnt til ny utanriksminister.
- Andreas Bjelland Eriksen er utnemnt til klima- og miljøminister.
- Erling Sande er utnemnt til kommunal- og distriktsminister.
- Kari Nessa Nordtun er utnemnt til kunnskapsminister.
- Karianne O. Tung er utnemnt til digitaliserings- og forvaltningsminister (nytt departement).
- Cecilie Myrseth er utnemnt til fiskeri- og havminister.
Det er òg beslutta å oppretta eit nytt departement, Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Karianne O. Tung vil være den første statsråden i dette departementet.
– Vi gjer denne endringa fordi det er nokre politikkområder som vi må ha endå større merksemd på i tida framover. Auka bruk av teknologi og digitalisering påverkar kvardagen til kvar og ein av oss. Det gir enorme moglegheiter, men krever òg kunnskap, styring og regulering, seier Støre.
Regjeringa ser sånn ut frå klokka 13 i dag
Statsminister: Jonas Gahr Støre (Ap)
Arbeids- og inkluderingsminister: Tonje Brenna (Ap)
Barne- og familieminister: Kjersti Toppe (Sp)
Digitaliserings- og forvaltningsminister: Karianne O. Tung (Ap)
Finansminister: Trygve Slagsvold Vedum (Sp)
Fiskeri- og havminister: Cecilie Myrseth (Ap)
Forskings- og høgare utdanningsminister: Sandra Borch (Sp)
Forsvarsminister: Bjørn Arild Gram (Sp)
Helse- og omsorgsminister: Ingvild Kjerkol (Ap)
Justis- og beredskapsminister: Emilie Enger Mehl (Sp)
Klima- og miljøminister: Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Kommunal- og distriktsminister: Erling Sande (Sp)
Kultur- og likestillingsminister: Lubna Jaffery (Ap)
Kunnskapsminister: Kari Nessa Nordtun (Ap)
Næringsminister: Jan Christian Vestre (Ap)
Landbruks- og matminister: Geir Pollestad (Sp)
Samferdselsminister: Jon-Ivar Nygård (Ap)
Olje- og energiminister: Terje Aasland (Ap)
Utanriksminister: Espen Barth Eide (Ap)
Utviklingsminister: Anne Beathe Tvinnereim (Sp)