Meining | 13. mars 2023

Vestland Venstre støttar «Vestlandsopprøret»

Lesarinnlegg: Regjeringa og SV sin skattepolitikk gjer det systematisk vanskelegare å drive bedrifter med lokalt eigarskap.

Vestland Venstre støttar «Vestlandsopprøret»
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 13. mars 2023 09:38

Vestland Venstre har hatt fylkesårsmøte i helga. Der vedtok vi å støtta næringslivets «Vestlandsopprør» mot regjeringen. Det er Bjørnafjorden Venstre glade for.

Alfred Bjørlo, Venstres næringspolitiske talsperson, fremja fråsegnet saman med Ane Breivik og Jacob Nødseth.

Vestlands-næringslivet er under sterkt press. Regjeringa og SV sin skattepolitikk gjer det systematisk vanskelegare å driva bedrifter med lokalt eigarskap.

Vestland Venstre fylkesårsmøte har vedtatt at dei vil stå saman med næringslivet mot det vi kallar ei «næringsfiendtlig regjering».

Venstre vil mellom anna:

  • avskaffa regjeringas ekstra arbeidsgivaravgift frå og med 2024
  • innføra meir treffsikker straumstøtte for bedrifter
  • fjerna Bergen og andre byar på Vestlandet frå regjeringa si nye liste over byar som ikkje skal satsast på når det gjeld utflytting av statlege arbeidsplassar.

Nye ekstra særskattar på viktige Vestlands-næringar som havbruk og fornybar energi har bremsa opp investeringsevna i desse næringane. Det rammar Vestlands-næringslivet på brei front.

Samtidig legg regjeringa sin endra politikk for statlege arbeidsplassar opp til å straffa byar som Bergen, Stavanger og Ålesund, slik at utviklingskrafta på Vestlandet blir yttarlegare svekka.

Dette er en viktig beskjed frå Venstre. Regjeringa sine skatteauker treff knallhardt i ein svært utfordrande periode for mange næringsdrivande, og trugar både bedriftene si leveevne og lokalt eierskap.

Vi må ha forutsigbarhet i skattepolitikken og respekt for dei som skapar arbeidsplassar.

Kristian Harnes, Alfred Bjørlo, Ane Breivik og Jacob Nødseth.
Venstre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.