Nye Lurane og tropehagen sett frå lufta
Torsdag blei kranen tatt ned, dagen før var Midtsiden på klatretur med kamera.
Luranetunet er i ferd med å bli utvida med nybygg på rundt 9000 kvadratmeter over 3 og 4 etasjar. Her kjem 97 nye pasientrom, eit eige rom for tilreisande gjestar eller pårørande som vaker over sine eigne den siste stunda.
Nybygget er eit vinkelbygg som saman med eksisterande bygg dannar ein 1300 kvadratmeter stor oase i midten. Denne har no fått glastak og blir innreia som ein 1300 kvadratmeter stor tropehage.
• Les meir om tropehagen
Onsdag, dagen før den 30 meter høge kranen blei løfta opp gjennom glastaket, var Midtsiden på omvising - i og over den nye delen av sjukeheimen.
• Les meir og sjå bildeserie: Heftig demontering i høgda
Ein diamant i hagen
– Der er diamanten, seier Petter Røssnes og May Linn Hollevik frå Consto, selskapet som har totlentreprise på Lurane-utbygginga.
I tropehagen er det støypt eit diamantforma lite bygg i bygget.
Det skal få veggar og glas og bli møterom og treningsrom.
– Ryddig og effektiv byggeplass
– Det går så det kviner med bygginga, seier Os kommune sin prosjektleiar, Tor Inge Døsen.
– Den arkeologiska utgravinga på tomta har vore einaste skjeret i sjøen, etter dette har det vore ein effektiv prosess på det eg har inntrykk av er ein veldig ryddig og god arbeidsplass.
Thomas Jordal, prosjektleiar hos totalentreprenør Consto, seier at orden har prioritet.
– Vi har delt bygget inn i 15 arbeidssoner, der vi har utkvittering av kvar sone kvar fredag. Då er alt ryddig og fint til måndag, til starten på nok ei god veke.
Det har vore oppbemanna ein del den siste tida, no er det 60-70 mann frå ulike firma og fag i sving på Lurane. Consto har sjølv 5,5 stilling i administrasjon og 5-6 i eigenproduksjon med rigg og betong.
På det meste har Consto hatt 17-18 av eigne folk, mens Vestafjell, med sine tømrarar, er blant dei som har mange i arbeid på Lurane i desse dagar.
Ferdig før jul
Nybygget på Luranetunet består av to fløyar, den eine på tre etasjar, den andre på tre etasjar pluss kjellar.
• Les òg: Til Os for å læra om eldreomsorg
Det er cirka 800 + 1200 kvadratmeter per plan på dei tre jamne etasjane. Til saman blir det 97 rom for sjuke og demente, og eitt for besøkande/pårørande.
I alt er bygningsmassen rundt 9000 kvadratmeter, tilsvarande 1/4 av «Lidlbygget».
– Vi får i tillegg noko ledig areal for seinare innreiing. Det er greit å ha litt å gå på når du bygget ut, seier Døsen.
Det skal vera snakk om «eit par hundre kvadratmeter».
Nye Luranetunet skal stå ferdig i slutten av 2017.
• Fleire detaljar? Les: Slik blir nye Luranetunet