Slik blir nye Luranetunet
Sjå teikningane: Bygginga av 97 nye plasser på Luranetunet er ute på anbod. Kommunestyret tek valet i september.
Prosjektleiar Anne Valle og kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap Nils-Petter Borge presenterte onsdag teikningane for utvidinga av Luranetunet for tenesteutvalet.
– Det var ein milepæl å få ut anbodspapira.
– 3. juli er fristen for å levera tilbod, så skal vi gå gjennom dei og laga ein sak til kommunestyret om kven vi skal velgja i møtet i september, innleia Borge.
97 omsorgsplasser
Valle fortalde at utvidinga totalt omfatter 97 plasser.
– Det blir 60 sjukeheimsplasser og 37 omsorgsplassar for demente.
– Romma blir på 27-28 kvadratmeter.
– På sikt ser vi for oss at sjukeheimsdelen i hovudsak blir korttidsplassar.
– Dette blir ei enno finare og betre omsorgstilbod til osingane, konkluderte Valle.
Utvidinga vil gje ei kapasitetsauke på 40 plassar, då bebuerar på dagens sjukeheim vil bli flytta til dei nye lokala.
Auka bemanning - auka kvalitet
I planane ligg det tre nye sjukheimsavdelingar med 20 brukarar per avdeling.
– På demensavdelingane legg vi opp til 10 bebuarar per gruppe.
– Der vil vi òg legga om bemanninga frå 2 tilsette per 8 bebuarar, til 3 tilsette per 10.
– Det blir ei kvalitetsforbetring for bebuarane og betre for arbeidsmiljøet, forklarte Valle.
I planane ligg òg rom for lege- og helsetenester, frisør, fotterapeut og andre supplerande tenester, mellomanna moglegheiten for kiosk/kafé.
Ei perle
I prosjektet ligg òg ein hage under tak. Tidlegare omtala av prosjektsjef Tor Inge Døsen som "Tropehagen".
– Den er ei stor kvalitet for heile prosjektet.
– Totalt blir hagen på omlag 1300 kvadratmeter med ein liten dam, bocciabane, terrasseanlegg og samlingsplassar.
– Eg håper og trur at hagen vil vera ei god tilvekst både for bebuarane og pårørande. Her kan ein ta med seg sine ut i hagen og sitta uforstyrra, i staden for inne på rommet eller i fellesareala på avdelinga.
– Vi vil òg laga ei scene i hagen som kan nyttast til underhaldning av forskjellig slag.
– Tenk dykk berre Os Musikkforening på 17. mai når det høljar ned utanfor, her kan folk sitta tørt og godt, smilte Valle.
Husbanken begeistra
Prosjektet er planlagt finansiert mellomanna med støtte frå Husbanken.
– Vi var spente på kva dei ville seia då vi presenterte teikningane, men dei var begeistra.
– Spesielt for hagen som bidreg til fellesareal og brukarrom, men dei likte òg dei andre løysingane vi har lagt inn i prosjektet.
Riggar for velferdsteknologi
Oppgraderinga og utbygginga tek høgde for å utnytta kommande velferdsteknologi.
– Vi kablar for, og legg opp til, å møta det som er på markedet. Men, som ein rapport eg nett leste konkluderar med, marknaden er ny og uprøvd.
– Det er viktig at velferdsteknologien blir utvikla i samarbeid med tenestene og at ein har gode backup- og beredskapsløysingar på plass slik at den gir den tryggleiken som er tenkt, påpeika Valle.
Flyttar dagsenteret for demente
I enden av nordstova på dagens Luranetunet, har ei lagt inn eit nytt dagsenter for demente.
– Det er planlagt å vera eit tilbod til yngre demente, kor vi legg opp til to grupper med åtte personar i kvar.
– Det blir to fellesrom med kjøken i mellom.
– Vi vil då flytta dagsenteret for demente som i dag er på Gamleheimshagen opp hit, men samstundes skjerma brukarane litt frå resten av bebuerane på Lurane.
– I tillegg vil dagsenteret får ein stor terrasse på taket, noko som har vore sakna i dag, forklarte prosjektleiaren.
Uteområdet rundt Luranetunet vil òg få eit løft med plattingar, gangstier og beplanting.