Sport | 13. juli 2012

Noregs råaste fjellgeit

Tømraren Thomas Andersen held fram med å imponera i lange fjelløp - no har han for andre gong vunne Noregs tøffaste fjelløp.

Noregs råaste fjellgeit
Thomas har deltatt i Noregs tøffaste fjelløp to gongar - og vunne begge. (Privat bilde, foto: Lisbeth Moberg)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. juli 2012 22:41

Hornindal Rundt var nytt løp då Thomas Andersen i 2010 slo "Årets ultraløper 2009" med tre timar og vann det 75 kilometer lange fjelløpet.

Hornindal Rundt, som er to mil lengre enn Styrkeprøve Rett Vest, marknadsfører seg som Noregs tøffaste fjelløp. I fjor fekk ikkje Thomas forsvara tittelen sin, då han var i VM i ultraløp og tok bronse.

Men i år var Thomas tilbake og stakk igjen av med sigeren.

Hardare konkurranse

– Det var ekstra gøy å vinna i år, for konkurransen var hardare. Løpet har blitt poenggjevande til andre internasjonale løp, noko som gjorde at det var fleire deltakarar frå fleire land, fortel Andersen.

118 deltakarar frå 6 nasjonar deltok. Thomas stakk av med sigeren framfor to svenskar.

Lengre løype - betre tid

Snø gjorde at løpet ikkje kunne gå i planlagt løype rundt Hornindal, men halvvegs og tilbake igjen.

– Det var like mange høgdemeter å kjempa seg opp, 5600, men løypa var tre kilometer lengre.

Det hindra ikkje osingen frå å slå tida si frå 2010 med 16 minutt, Thomas kom i mål på det 7,5 mil lange løpet på 10 timar og 26 minutt.

Topp 10 av 1200?

Andersen har no ei tøffare utfordring i vente - med bronsen frå VM i fjor og med førsteplassen frå Hornindal er han dobbeltkvalifisert til The North Face Ultra-Trail du Mont Blanc siste helga i august.

– Det blir det tøffaste løpet eg har deltatt i til no, der er det 7000 høgdemeter og ei løype på totalt 110 kilometer, fortel Thomas.

110 kilometer er same distanse som pulkløpet Thomas har vunne fleire gongar, og osingen har tru på god plassering blant dei rundt 1200 deltakarane.

– Beste norske kom på 17. plass i fjor. Han slo eg i VM, så målet mitt er å koma blant dei 20 beste. For å vera ærleg drøymer eg om topp 10-plassering.

Skjult talent

Thomas Andersen starta med løping for få år sidan, men hevda seg raskt i fleire krevjande løp.

– Siger på siger i dei tøffaste løpa i Noreg og mål om å koma på topp 10 blant 1200 frå heile verda, hadde du trudd dette då du for nokre år sidan slutta å røyka og byrja å springa?

– He, he! Nei eg hadde nok ikkje det. Samtidig lurer eg på korleis formen ville vore om eg hadde kasta meg på løping allereie som ungdom.

– Men kanskje det er best å byrja med denne formen for løping i vaksen alder, om eg hadde starta som ung så ville det vel vore fare for at eg blei lei før eg fekk taket på det.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.