Vann Noregs hardaste
Thomas Andersen slo «Årets ultraløper 2009» med nesten tre timar då han i helga vann Noregs hardaste fjelløp.
I fjor var Thomas Andersen suveren i Vøringsfoss Race, i vinter vann han eit 110 kilometer langt pulkløp der han kom i mål 11 timar før nummer to.
I helga deltok langdistanseløparen i Hornindal Rundt, eit nytt løp som skal vera det hardaste fjelløpet i Noreg.
- Løpet er 7 mil langt, 2 mil lengre enn Styrkeprøven Rett Vest. Terrenget er dessutan meir krevjande, vi er oppom ni fjell rundt Hornindal, som ligg nær Stryn, og gjer unna 5200 høgdemeter på turen, fortel Thomas.
Knuste noregseliten
Den gamle, uoffisielle rekorden var på rundt 18 timar. Arrangørane rekna med at vinnartida blei på rundt 15 timar i det første løpet, men håpa på å sjå 13-talet. Thomas kom først i mål og brukte berre 10 timar 42 minutt og 25 sekund.
Ivar Haugen, som kom på 2. plass på Ultra-Birken i fjor, kom i mål 23 minutt etter osingen. Jon Harald Berge, som blant anna har 4. plass i VM og blei kåra til årets ultraløpar 2009, kom i mål på tida 13.33.06, nesten 3 timar etter Andersen.
Ekstern lenkje:
www.hornindalrundt.no
- Tøft etter ein fjerdedel
Thomas fortel at han som vanleg planla ein roleg start. Likevel starta han med å legga seg i tet og etter dei første fire kilometerane, som går på asfalt, var det berre éin som hang på.
- Eg visste ikkje at han berre skulle løpa halve løpet. Men eg høyrte at han pusta tungt, så eg gav gass opp første stiging og rista han av meg.
Så, halvvegs i første halvdel, fekk han ein tung periode.
- Eg hadde ei luke på 14 minutt til nestemann, Ivar Haugen. Men plutseleg tok han inn nesten heile luka, samstundes som eg både var trøytt og i ved litt dårleg mot.
- Men så prøvde eg å rista han av meg, og då eg klarte det kom det seg både med den fysiske og psykiske formen. Den siste mila gjekk sikkert like fort som den første, det var godt å kjenna at formen sat.
Oppvarming til Rett Vest
Andersen liker langdistansar best, men driv også med både motbakkeløp og sykling.
- Eg var ikkje nøgd med 38. plass og tida 4.19 på Bergen-Voss. Eg var eigentleg kvalisfisert til å starta i første pulje, men fekk ikkje plass. Hadde eg blitt rettferdig behandla så hadde eg nok klart å få ei betre tid.
Då er hanmeir nøgd med 3. plass i sin klasse, 12. plass overall, i Gullfjellet Opp, og 6. plass i sin klasse i NM i motbakkeløp denne våren.
- Men det er i dei neste løpa eg ventar mest av meg sjølv, Rett Vest i august og Vøringsfoss Race i september.
Rett Vest er også rundt 70 km langt, men noko lettare enn Hornindal Rundt. Thomas fekk 2. plass i Rett Vest i fjor.