VM-bronse til Thomas!
Thomas Andersen var på laget som laurdag tok VM-bronse i terrengløp i Irland.
I april blei Thomas Andersen tatt ut på landslaget i terrengløp, i helga har han deltatt i VM i ultraterrengløp (70 km) i irske Connemara.
Thomas hamna ikkje på pallen individuelt, der blei det 33. plass, men han var blant dei tre raskaste norske løparane, noko som gjer at han blei del av laget som tok bronse.
For første gong i VM-samanheng var det nemleg også ein lagkonkurranse, der tida til dei tre sterkaste frå kvar land samanlagt er teljande for nasjon.
4 av dei 11 norske på landslaget er frå BFG Fana, og 3 av desse utgjorde også den norske topp 3-troppen.
Induviduelle plasseringer:
04. Thorbjørn Thorsen Ludvigsen 6.49.55
10. Sverre Morten Slethaug 7.02.36
33. Thomas Andersen 7.46.31
Erik Clavery frå Frankrike vann med tida 6.39.07.
Resultat lag:
1- FRA 20:23
2- ITA 20:56
3- NOR 21:37
4- GBR 22:05
5- USA 22:29
6- IRL 22:46
7- GER 23:22
Kjelde: Kondis.no