Meining | 04. sep. 2023

No treng Bjørnafjorden eit stort og sterkt Senterparti!

DEBATT: Lokaldemokratiet vert best teke i vare gjennom eit sterkt og politisk pragmatisk sentrum!

No treng Bjørnafjorden eit stort og sterkt Senterparti!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 04. sep. 2023 13:39

«Det gode liv for alle» er vel ein visjon som ikkje let seg oppfylla, men «det gode liv for flest mogleg» er meir realistisk.

Eit reint «høgre»- (FrP/H) eller eit reint «venstre»-fleirtal gjer nok kommunen enklare å styra for ein ordførar og ein kommuneadministrasjon, men eit stort mindretal vil sjeldan og aldri vinna fram med sine syn.

Lokaldemokratiet vert best teke i vare gjennom eit sterkt og politisk pragmatisk sentrum!

Dette er mi klåre røynsle som lokal ombodsmann dei siste 8 åra (4 år med FrP/H og dei siste 4 åra med ein «fleirpartiallianse»).

Sentrumsparti og fløy-uavhengige parti sikrar at flest mogleg av veljarane i kommunen vinn fram med sine syn og meininger.

Ein verkeleg "JA-KOMMUNE" seier til dømes ja til innbyggjarane sine framfor utanbygds eigedomsspekulantar.

Eg er viss på at veljarane i Bjørnafjorden ser forbi glansa valbrosjyre og fagre val-løfte og stemmer på eit pragmatisk parti som kan og vil samarbeida til det beste for flest mogleg av innbygjarane i Bjørnafjorden.

Bjørnafjorden Senterparti er eit slikt parti!

Godt val!

Beste helsing «nr. 37»
Harald Lekven

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.