Meining | 04. sep. 2023

Privatisering: Eg er djupt bekymra for tilsette og innbyggarar

DEBATT: Vi tilsette har kjent konsekvensane på kroppen lenge allereie.

Privatisering: Eg er djupt bekymra for tilsette og innbyggarar
– No er eg bekymra, og då vil eg bruke stemma mi, skriv Hege Bjørnør. (Foto: privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 04. sep. 2023 13:13

«Hva tenker du på, Hege?» spør Facebook meg kvar gang eg opnar appen. Den vil at eg skal dele mest mogleg med dykk. Ofte er det enklare å ikkje dele.

Men no er eg bekymra, og då vil eg bruke stemma mi. Eg er hjelpepleiar på Luranetunet, og eg er bekymra for arbeidskvardagen min. Bekymra for helsa mi. Og eg er ikkje minst bekymra for korleis den livsviktige omsorga og pleia vi gir til våre eldre i kommunen skal verte.

Vi veit det alle, men eg kan gjenta det for å forklare bakteppet for mi bekymring: Bjørnafjorden kommune står i ein ekstremt vanskeleg økonomisk situasjon.

Dei som er ansvarlege for dette ber deg om å sjå framover. Ikkje tenk for mykje på kvifor vi er der vi er, seier dei.

«Stol på oss ein gang til, så skal du sjå at vi løyser dette.»

I realiteten går dei til val på at vi tilsette i blant anna eldreomsorga skal ta rekninga for kommunen. Dei vil betale for feilslått politikk over mange, mange år med endå meir utryggleik for tilsette og innbyggarar.

Dei seier det ikkje høgt, men dei planlegg mindre omsorg og mindre hjelp til stell og pleie.

Haltar heim frå jobb

Vi tilsette har kjent konsekvensane på kroppen lenge allereie. Det er ingen hemmelegheit at sommaren og ferieavviklinga var særskilt utfordrande for oss i år.

Det har vore ein sommar der berolegande medisinar har erstatta behovet for ein-til-en kontakt og aktivitetar.

Ein sommar der tilsette haltar heim frå jobb med vond rygg og elendig samvit fordi vi ikkje strekk til.

Det som tilsette, bebuarar og pårørande har opplevd nokre veker i sommar, fryktar eg blir kvardagen året rundt i Bjørnafjorden kommune.

Ei av «løysingane» fleire har snakka mykje om no i avslutninga av valkampen er privatisering av pleie og omsorg.

Om du ikkje kjenner yrket og situasjonen frå innsida kan det høyrast fornuftig ut, i alle fall med dei orda dei vel å bruke om det. Det skal føre til lågare kostnadar for kommunen, meir innovasjon og meir effektiv drift, seier dei.

Problemet er at det er vi som er her i dag som skal gjere jobben i morgon og. Vi blir jo ikkje fleire varme hender over natta av at lønnsslippen kjem frå eit privat selskap og ikkje frå kommunen.

Tvert om, fryktar vi. For tilsette er den største utgifta helseforetaka har.

Allereie for få

Utfordringa er eigentleg enkel og grei: Vi er for få. Derfor blir vi sjuke av jobben vår. Sjukefråværet er skyhøgt fordi vi allereie spring for fort og har det for travelt.

Når du pressar folk for hardt over lang tid så blir dei sjuke.

Då er det ei logisk brist av enorme proporsjonar å tru at vi får tak i fleire folk med dårlegare løn, dårlegare pensjon og arbeidsvilkår.

Fagforbundets pensjonsekspert rekna ut at ein helsefagarbeidar som har vore tilsett i kommunen heile karrieren vil ha rundt 1 million kroner meir i alderspensjon enn ein som har vore i ei privat kommersiell verksemd.

Det er svært godt dokumentert at dei tilsette i Bjørnafjorden kommune kan forvente seg lågare løn over tid om dei får nye private arbeidsgjevarar.

Kommunen kan stilla krav ved anbodet og overføringa, men deretter segler dei tidlegare offentlege tilsette sin eigen sjø.

Eg er tillitsvald, og eg veit at når arbeidsgjevar først er bytta ut så må vi stå på eigne bein i forhandlingane med det kommersielle helseforetaket. Det er den norske modellen på godt og vondt.

Løns- og arbeidsvilkår forhandlast mellom partane, det vil ikkje kommunen kunne blanda seg i etter at dei private verksemdene har etablert seg og begynt å tene sine pengar på oss.

Gedigen avsporing

Vi kjem derfor til å miste flinke folk om vi kommersialiserer velferda vår. Vi kjem til å slite med å få tak i nye, kvalifiserte folk til å dekke behovet vårt.

Det er grunnen til at eg meiner at privatisering er ein gedigen avsporing av debatten.

Vi burde heller diskutere kva vi kan gjere for å motivere folk til å velje ei karriere som sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.

Eg kan byrje: Vi har for lite tid med brukarar og pasientar. Vi er for få folk i grunnbemanninga, og vi er ikkje flinke nok til å få inn vikarar når nokon er sjuke. Og vi har for få heile stillingar til dei som ønskjer det.

Dette er tinga som må betrast for å behalde dei vi har og motivere nye kollegaer til å jobbe her i kommunen. Men vi veit alle at det inneber ei investering.

Omsorgstenestene i kommunen treng ein betre og romslegare økonomi. Den treng meir pengar, ikkje mindre.

Dei som snakkar om gode tenester og Rolls Royce-nivå har anten aldri satt sin fot på arbeidsplassane, eller dei snakkar mot betre vitande.

Eg vonar velgarane i år røyster for ein politikk som faktisk betrar omsorga for dei som er avhengige av den. Eg vonar dei røyster til fordel for dei mange tilsette og innbyggarane, og ikkje for dei få som eig helseforetak og vil tena seg endå rikare på skattepengane våre.

Hege Bjørnør
2. kandidat Bjørnafjorden SV

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.