Vêret i Os | 22. juli 2024

No skal vi få fleire sånne dagar

Melder sol og varme fram til torsdag.

No skal vi få fleire sånne dagar
Laurdag låg det båtar i kø for å legga til land ved gjestebrygga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 22. juli 2024 09:05

Etter at vêrgudane gjorde eit godt forsøk på å drukna Bruce Springsteen sitt publikum i går, får vi fire dagar med sol og varme.

Temperaturen skal ikkje opp i dei same rundt 25 gradane vi hadde laurdag, men er venta å bikka 20 både måndag, tysdag, onsdag og torsdag.

Laurdag såg ut til å vera uvanleg travel i Os hamn, i fleire periodar låg det båtar på vent for å fylla drivstoff eller få seg ein kaiplass for å gå i land og handla.

– Det var ein travel dag, ja, men vi visste det skulle bli bra vêr, så vi var førebudd med både bemanning og varelager, seier May Linn Skaar, butikksjef på Esso.

Torsdag er det meldt opphaldsvêr, men noko meir skya på ettermiddagen.

Fredag skal det hølja ned. Yr og Storm er usamde om det kjem nedbør laurdag, men begge melder opphald og sol på formiddagen laurdag og på ettermiddagen søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.