Vêret i Os | 17. juli 2024

Vêrmeldingane har «skjerpa seg»

Det er venta opphald, sol og varme fram til søndag ettermiddag.

Vêrmeldingane har «skjerpa seg»
Solnedgang over Ervikane sett frå Røtingafluo måndag i 22.30-tida. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. juli 2024 10:06

Vêrmeldingane for denne veka såg i utgangspunktet våte og gråe ut, men innimellom var det både opphaldsvêr og sol å spora.

Til no har det blitt meir opphald enn det som var meldt.

No har meldingane endra seg i ein tørrare retning.

Det er ikkje meldt nedbør før søndag ettermiddag. Då skal det regna ein del fram til onsdag morgon.

Men før den tid får vi 4,5 dagar med noko som liknar sommarvêr.

Det er meldt overskya og delvis skya alle dagar, men Storm melder skyfri himmel nesten heile laurdag.

Temperaturen skal auka frå 19 onsdag og torsdag til 22 fredag, 23 laurdag og 24 søndag.

Det er meldt svak vind, under 4 m/s, kvar dag framover.

Har du plan om telttur natt til søndag? Det rekk du fint, ifølgje dagens meldingar. Yr melder ikkje regn før klokka 14 søndag, Storm mnelder regn frå klokka 17.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.