Vêret i Os | 23. mai 2024

Nest siste godvêrsdag

Helga blir siste sjanse å nyta sol og varme på ei stund.

Nest siste godvêrsdag
Mobergsvikjo i dag. Det var ikkje kamp om plassen i godvêret. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestorsdag 23. mai 2024 13:33

Etter fleire veker med strålande sol, kjem regnvêret frå søndag kveld.

I dag blir ein varm dag, med temperatur opp i 26 varmegrader.

I morgon, fredag, blir det tørt, men ein god del kaldare, 18 gradar og delvis skya.

Laurdag er det meldt sol og 24 grader, og søndagen startar med sol og varme før det skal byrja å regna på kvelden.

Frå mandag er det meldt regn, men framleis temperatur på oppunder 20 gradar.

Tysdag varierer det mellom regn og overskya, med lågaste temperatur på 14 gradar og høgaste på 18 gradar.

Onsdag viser gradestokken mellom 12 og 17 grader, regn og overskya.

Torsdag og fredag i neste veke held temperaturen seg stabil mellom 16 og 18 varmegrader, men då òg med overskya vêr og nedbør.

For meir detaljert vêrmelding sjå pent.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.