Brannsjefen ber innbyggarane vera ekstra varsame
«Konsekvensene vil bli omfattende for mange mennesker.»
Kommunen slit med å levera nok vatn, då vassforbruket har auka kraftig i varmen.
Dei fryktar at dei, ved eventuelt behov for brannsløkking, ikkje skal klara å levera nok vatn, og oppmodar innbyggarane å ikkje sløsa med vatnet - spesielt ikkje om ettermiddagane.
Samtidig er det oransje farevarsel for skogbrannfare i Vestland fylke.
«Oransje farevarsel sendes ut når konsekvensene vil bli omfattende for mange mennesker» skriv Yr om faregrad oransje.
Brannsjef Espen Storum minnar folk på det generelle bålforbudet.
– Det betyr at det er forbode med open eld, til dømes bål, eingongsgrillar, turbrennarar og bålpanner i skog og mark, uttaler Storum i ei pressemelding.
Det er den som tenner opp som har ansvaret, dersom det byrjar å brenna.
Bjørnafjorden brann og redning vurderer å innføra strengare restriksjonar for bruk av open eld.
– Det er ein alvorleg situasjon som krev at vi alle er ekstra forsiktige, seier Storum.