Nedrykkstruga Stord blei for sterke
Kunne ha tatt innpå 2. plassen, men sånn gjekk det ikkje.
Etter tre sigrar på rad møtte Os i dag kvist.
Borte mot nedrykkstruga Stord, som Os slo 4-0 heime, blei det tap.
Stord skåra i 36. minutt, og 1-0 sto seg kampen ut.
Tidlegare Os-toppskårar Roger Ekeland spelte heile kampen, men det var ikkje han som seinka Os i dag.
Serieleirar Sandviken vann 3-0 borte over Frøya, tabelltoar Bjarg spelte 1-1 borte mot Askøy.
Florø på 4. plass vann, og er no seks poeng bak Os. Fana, som speler sin 19. serierunde mot Åsane 2 tysdag, ligg foreløpig 7 poeng bak.
Os blir verande på 3. plass, men har 9 og 12 poeng opp til Bjarg og Sandviken når det står sju serierundar igjen.
Stord ligg på 12. plass av 14 lag, eitt poeng frå 10. plass.
Os speler neste kamp heime mot Årdal på 13. plass.
Dagens Os-lag: Mads Semb Christophersen - Jason Onsrud Buan, Anders Hjelle Havsgård, Mathias Aastvedt Dahl - Karl Aspevoll Omdahl, Torgeir Lunde (kaptein), Jonathan Mjånes Lund, Sverre Spangelo Haga - Kim Arne Brakstad, Daniel Grimset Kvalvågnes og Filip Fjellberg
Innbyttarar med speletid: Petter Hilton, Steffen Kvamsdal og Fredrik Strønen Skeie.