Fotball | 25. aug. 2024

Hattrick av Myrlid

Serieleiar Hødd kan auka forspranget, mykje takka vera spissen frå Os.

Hattrick av Myrlid
Elias Heggland Myrlid har skåra fem mål dei siste to vekene. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 25. aug. 2024 16:54

– Det blei litt få skåringar på meg i vår, men no ser det ut til å bli fleire, sa Elias Heggland Myrlid etter at han skåra eitt av måla då Hødd slo Lysekloster førre søndag.

– Eg trivst godt her oppe, klubben driv proft og vi har hatt ein god sesong så langt.

I dag spelte serieleiar Hødd borte mot Arendal. Hødd vann 6-1 (3-1).

Myrlid skåra det første og dei to siste måla i kampen (i 25., 68. og 77. minutt).

Etter tre skåringar i vår og no, fem mål på tre kampar, er han oppe i 8 totalt.

Dermed deler Elias 4. plassen på toppskårarlista for PostNord avdeling 1 med Lysekloster sin Alexander Dang.

Hødd leier no med 10 poeng på tabelltoar Jerv, som har éin kamp mindre spelt.

Dei auka forspranget til tabelltrear Eik Tønsberg, som spelte 1-1 mot Vard Haugesund i 18. runde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.