Møter 4. divisjonslag i første kvalik
I fjor enda det med Brann på Kuventræ - no er trekninga til årets kvalifisering til NM komen.
Mens Lysekloster, som fekk Sogndal på heimebane på lånt matte på Kuventræ, i år er i OBOS-ligaen og direkte kvalifisert, må Os i 3. divisjon ut i to kvalifiseringsrundar for å delta i årets NM i fotball.
I fjor blei det to dramatiske kvalik-kampar for Os, som leia to gongar over NHH, men måtte i ekstraomgangar for å vinna.
Så låg dei under tre gongar for Tertnes før Os vann på straffekonk og fekk Brann på besøk i første runde.
I år skal Os møta Nordhordland i første kvalifiseringsrunde.
Kampen skal gå på bortebane og bli spelt innan 16. mars.
4. plass i 4. divisjon
Nordhordland landa på 4. plass i 4. divisjon avdeling 2 i fjor, ei avdeling Gneist vann.
I NM rauk dei ut i første kvalifiseringsrunde, som gjekk heime mot Årdal (tapte 2-3).
Nordhordland skal i år spela i naboavdelinga til Os 2 i 4. divisjon.
– Vil koma så langt som mogleg
Trass stortap for Brann var det eit eventyr for Os å få denne typen kamp på Kuventræ i 2015.
– Det er viktig å nå så langt som mogleg, både sportsleg og økonomisk. I fjor blei det ekstra gode inntekter for klubben, med så mykje publikum, seier sportsleg leiar Jan Frode Skeie.
Før treningsleiren
Os har booka seks treningskampar i vinter, den første gjekk mot Bjarg i helga og endte 2-2.
A-laget reiser på treningsleir 15. mars og første kvalifiseringsrunde blir noko med det siste dei rekk før avreise til Kypros.
Her er nokre andre, lokale kvalifiseringskampar:
(Sjå alle på fotball.no)
Odda – Øystese
Austevoll – Vadmyra
Follese – Sotra
Gneist – Frøya
Sund – Vestsiden/Askøy
Bjarg – Lyngbø
Loddefjord – Varegg
Valestrand Hjellvik - Tertnes
Arna Bjørnar – Årdal