Sport | 04. jan. 2016

Har booka seks treningskampar

Dette er motstandarane Os skal ha i vinter. I dag startar oppkøyringa.

Har booka seks treningskampar
Etter over ein månad med ferie startar Os i dag oppkøyringa til 2016-sesongen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 04. jan. 2016 15:11

– Om dei har følgt planen så er dei i god form når dei møter til trening i dag, seier spelande hovudtrenar, Hassan El Fakiri.

Os heldt fram med trening etter serieslutt og venta med ferie til slutten av november. Fram til i dag har dei trent for seg sjølv, med nokre frivillige fellesøkter innandørs, i ein dryg månad.

– No startar vi med fire fellesøkter i veka. I tillegg blir det nokre treningshelger og ein del treningskampar før vi skal på leir.

Tilbake til Kypros

A-laget skal på treningsleir til Kypros, der dei hadde eit vellykka opphald i fjor.

Treningsleiren blir frå 15. til 23. mars.

Meir variert motstand

Før treningsleiren skal Os spela seks treningskampar.

I fjor var fire av fem treningskampar mot lag frå 1. og 2. divisjon. Os tapte 0-7 for Nest-Sotra, 2-4 for Fana (leia 2-1), 2-3 for Odda (leia 2-0) og spelte 1-1 mot Fyllingsdalen.

– I år har vi prøvd å få meir variert motstand, at nokre av laga er på nivået vi møter i serien, seier Hassan.

– Eg ventar samtidig meir av gutane i denne oppkøyringa. Dei er betre kjent med spelestilen og skal gjera det endå skarpare i kamp.

Her er motstandarane med speledato:

16/1 Bjarg - Os (også motstandar i årets serie)
23/1 Tertnes - Os (også motstandar i årets serie)
6/2 Brann 2 - Os (også motstandar i årets serie)
13/2 Fyllingsdalen - Os
20/2 Odda - Os
4/3 Os - Nest-Sotra

– Det har gått greit å få avtalar om treningskamp. Vi kunne spelt endå fleire, men har måtta takka nei til eit par stykker.

– At mange av treningskampane er på bortebane er tilfeldig, seier El Fakiri.

Her er Os si avdeling, med odds, i 2016 (terminlista er ikkje komen).

Midtsiden samleside: Os herrefotball

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.