Min kamp for Kongshaug held fram!
DEBATT: Enerhaug og Rotvik ønsker å score nokre billige politiske poeng.
Enerhaug og Rotvik frå Bjørnafjorden Krf har ved fleire høve gått til angrep på meg som følge av regjeringa sitt kutt i særtilskotet til Kongshaug.
Anklagene og ordbruken om at eg ikkje har gjort noko for Kongshaug er så langt fra sanninga som det er mogleg å koma.
Det at Enerhaug og Rotvik ønsker å score nokre billige politiske poeng på mi bekostning, får stå for deira rekning, eg vel å vende det andre kinnet til og fortsette kampen for Kongshaug.
Eg kjem ikkje til å gå inn i ein debatt om kordan eg brukar mi rolle som ordførar, i staden vil eg fortsette å stå på, framsnakke og kjempe for at Kongshaug skal få den støtta dei treng.
Utanom å få minister Tonja Brenna til Kongshaug har eg gjennom hausten og våren hatt utallige samtaler og møter med stortingsrepresentantar og representantar for regjeringa.
Dette har resultert i at Kongshaug har fått møtt representantar i finanskomiteen og i utdanning- og forskningskomiteen for å fremje si sak.
Eg er, som Kongshaug, utruleg skuffa for at dette ikkje gikk igjennom i revidert statsbudsjett.
Men eg trur ikkje det hjelper at vi krangler lokalt.
Enerhaug sitt varemerke i alle saker og debatter er jo at vi skal samarbeide, og han har meir enn éin gong kritisert oss alle for det motsette.
Eg meiner vi i denne saka heller bør stå saman og jobba opp mot politikarane i Oslo.
Vår jobb no er å få dei til å forstå kor viktig Kongshaug er for musikkungdomane, ikkje berre for Bjørnafjorden, men for heile Norge.
Det kjem i alle fall eg til å gjere!
Trine Lindborg
Ordførar, Bjørnafjorden kommune