Mest lest i 2015
Ein bonde som forsvarer søndagsjobbing var meir populært enn nakendating på TV Norge. Sjå topp 20-lista!
Søndagsjobbing, funn av beinrestar etter kval på Storum, utvising av ein norsk-amerikanar, ei spesiell hytte og eit spesielt hus var blant våre mest leste saker i fjor.
Osing på nakendating på TV Norge er også på lista, men svanefar Hamnesjefen er minst like populært lesestoff, to av sakene på lista er om svanefamilen. Ser vi på topp 25 er tre svanesaker med.
Også andre dyr har skapt høg trafikk, som hestane som blei skremt i Osmarka og hjorten som Midtsiden filma mens han sto fast i eit tau i Sperrevik.
2015 starta med eit brak, men den einaste saka frå orkanen Nina som er inne på topp 20-lista vår er Georg Askvik sin video av seglbåten som gjekk ned i Askvik under orkanen.
• Samla sett hadde Midtsiden.no over 1,02 millionar unike lesarar i 2015, noko som tilsvarar ein vekst på rekordhøge 83,67 % samanlikna med 2014.
• Trafikken auka med 27,39 prosent, artiklane på Midtsiden blei lest meir enn 10 millionar gongar i fjor.
Her er dei 20 mest leste sakene i 2015
1. Vi kjører ikkje traktor på gøy (99.805)
2. Fann gigantiske beinrestar på Storum (45.003)
3. Må ut av Noreg innan 17. februar (38.722)
4. Hytte i Os selt for over 16 millionar kroner
5. På innsida av Buen mot fjorden
6. Dramatisk ulykke i hesteløypa
7. Han sto heilt opp i ansiktet mitt og lo av politiet
9. Stakk av etter utforkjøring
10. Lokka ungar med is og sjokolade
14. Osing på nakendate på TV Norge
15. Lager butikk av ubrukeleg stein
17. Fleire funn på Storum: Her er hovudet på kvalen