Lokal | 31. juli 2015

Heist på land

To båtar som har lagt i gjestehamna mest heile sommaren blei fredag fjerna med kran. Grunn: Manglande betaling av hamneavgift.

Heist på land
Her blir den største av dei to båtane heist på land (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 31. juli 2015 09:50

Bildeserie:

Medan den andre, ein seilbåt, blir klargjort for same reis (foto: AH)
Medan den andre, ein seilbåt, blir klargjort for same reis (foto: AH)
Brannsjef Stein Gjøsund og hamnesjef Gitle Smaadal overvakar det heile (foto: AH)
Brannsjef Stein Gjøsund og hamnesjef Gitle Smaadal overvakar det heile (foto: AH)
Med båtane fjerna blir det betre plass til dei mange Osfest-gjestane som kjem sjøvegen (foto: AH)
Med båtane fjerna blir det betre plass til dei mange Osfest-gjestane som kjem sjøvegen (foto: AH)
1 av 3

Fredag morgon stilte brannvesenet (som har hamneoppsynet i Os kommune) mannsterke opp for å fjerna to båter som har lagt i hamna i heile sommar utan å betala hamneavgift.

– Dette er to båtar vi har slitt med lenge.

– I slutten av juni fatta rådmannen eit bortvisingsvedtak grunna manglande betaling av hamneavgifta. Dei fekk fem dagar på seg til å forlate hamna og gjera opp for seg. Om ikkje dei gjorde det ville båtane bli tatt på land for eigers rekning, forklarar brannsjef Stein Gjøsund.

Kan bli selde

Båteigarane tok rett nok ein tur ut frå hamna, men var tilbake fire dagar seinare.

– Båteigarane blei varsla om vedtaket og fekk moglegheiten til å gjera opp for seg. Det gjorde dei ikkje, så no løftar vi båtane på land og lagrar dei på ein eigna plass.

– Om dei gjer opp for seg så vil dei få båtane tilbake, om ikkje så vil kommunen starta arbeidet med å driva inn det uteståande og eventuelt legga dei ut for sal for å få dekka utgiftene vi har hatt med å løfta dei på land.

Den eine båten vog heile 5,8 tonn, noko som gjorde at brannvesenet måtte henta inn ei kran frå Bergen. Aksjonen var ein koordinert aksjon mellom brannvesenet, politiet og kommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.