– Levering av heimetenester kan bli svekka
Er det nokon nær deg som treng hjelp? Oppmodar innbyggarane å visa omsorg for familie og naboar.
Uvêret «Jakob», som har med seg store nedbørsmengder, har allereie ført til to ras i Hålandsdalen og vatn i fleire kjellarar på Os-sida av fjorden.
Dess lengre nedbøren held fram, dess meir blir bakken metta og dess meir aukar faren for flaum, skred og stengte vegar.
– Bjørnafjorden kommune har ekstra beredskap både i samferdsel, vatn og avløp, og i heimetenestene på begge sider av fjorden, seier kommunalsjef for helse og velferd, Monica T. Melvold, i ei pressemelding i dag.
Ho oppmodar innbyggarane å vera litt ekstra obs på korleis hjelpetrengande i familien eller nabolaget har det dei neste dagane, i tilfelle det skulle bli vanskeleg for heimetenestene å koma seg fram, eller viss straum, mobilnett og tryggleiksalarmar skulle svikta.
– Har det vore vanskar i dag?
– Det har tidlegare i dag vore stengt på fylkesvegen i Øvre Hålandsdalen – den er no opna, svarer Ella Marie Brekke Vangsnes, seniorrådgjevar for samfunnstryggleik og beredskap.
– Elles er status per no at ingen vegar er stengde, men at det er varselpunkt på fleire, legg ho til, og ramsar opp:
- Fv. 552 (avkjøringsveg) Osøyro - fv. 552 Moberg, i retning mot Osøyro
- Fv. 579 Hegglandsvatnet
- Fv. 552 Sagelva på Fusa (vegen til Eikelandsosen)
- Fv. 5108 Strandvikvegen 506