Uvêret Jakob: – Kan få alvorlege konsekvensar
Har oppjustert til raudt nivå, gir råd til innbyggarane.
I går blei det varsla oransje farevarsel i tre kategoriar i Sør-Norge; flaumfare, fare for jordskred og fare for mykje regn.
I dag har Meteorologisk Institutt oppgradert til raudt farevarsel for store nedbørsmengder.
Varselet gjeld blant anna midtre og indre strøk av Vestland og indre strøk av Bjørnafjorden kommune.
Lokalt kan det koma 120 til 180 mm nedbør i løpet av eitt døgn.
Faren aukar frå klokka 01 natt til torsdag og avtar klokka 03 natt til fredag.
Nær sjøen og nær vassdrag kan kombinasjonen høg vassføring og høg vasstand auka faren for flaum.
Det er meldt flo klokka 10.00 og 22.08 i Os sentrum torsdag.
Konsekvensar av dei store nedbørsmengdene kan bli:
- Stengte vegar og/eller overvatn ved bekke- og elveløp.
- Mange reiser vil kunna få lengre reisetid.
- Vanskelege køyreforhold grunna overvatn og fare for vannplaning.
- Ein del stadar vil midlertidig kunna mista vegsambandet, gjerne i fleire dagar.
- Fare for lengre straumbrot.
Råd:
- Vurder behov for førebyggende tiltak.
- Følg lokale styresmakter sine instruksjonar.
- Unngå å køyra i overvatn utan å veta kor djupt det er.
- Vurder nøye om reisa faktisk er naudsynt.
- Gjer heimen klar for eit potensielt lengre straumbrot.
Kjelde/les meir på varsom.no