Vêret i Os | 29. okt. 2024

Oransje farevarsel i indre strøk

Det er meldt store nedbørsmengder torsdag. Desse klokkesletta kan kystnære strøk få det verst.

Oransje farevarsel i indre strøk
VATN I VENTE: Det kan bli utfordrande i trafikken torsdag. Bildet av Pøylo er tatt i september 2018. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 29. okt. 2024 14:18

Det er sendt ut oransje farevarsel i tre kategoriar i Sør-Norge; flaumfare, fare for jordskred og fare for mykje regn.

Varselet gjeld òg Vestland og austre delar av Bjørnafjorden kommune.

Det går ei grense. Kart: Varsom.no / Geodata AS
Det går ei grense. Kart: Varsom.no / Geodata AS

Farene i varselet aukar natt til torsdag og avtar fredag morgon.

Det er meldt nedbør store delar av dagen onsdag, og samanhengande frå 15-tida.

Vindstyrken skal auka frå 3-4 m/s onsdag til 8-12 m/s torsdag, med vindretning frå vest.

For eigedomar og infrastruktur nær sjøen, er tidevatn relevant.

Det er meldt flo klokka 10.00 og 22.08 i Os sentrum torsdag, med 16 cm høgare flo på kvelden enn på formiddagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.