Leiteaksjonen: Har du køyrd forbi Bygger'n?
Politet ønskjer kontakt med bilførar.
Politiet søkjer fortsatt breitt i forbinding med leitaksjonen etter den sakna kvinna frå Bjørnafjorden.
Søket vil fortsetta gjennom natta, og det planleggast for søk i morgon.
Politiet ønskjer å komme i kontakt med førar av det som framstår som ein mogleg Hyundai Kona, eller liknande biltype, mørk, eller grå av farge med lys skrift på sida.
Førar av denne bilen kan ha observert ein person ved Byggeren i Industrivegen tysdag 25. juni mellom klokka 04.00 til 05.00.
Det er på bakgrunn av video overvåking politiet ønskjer kontakt med denne bilføraren.
– Det er ingen indikasjon på at denne bilføraren skal ha noko med den sakna kvinna å gjera, seier operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad.
Politiet ønskjer utelukkande å få stadfesta ein mogleg observasjon.
Eventuelt ønskjer politiet å komme i kontakt med andre bilførarar som har passert Byggeren i dette tidsrommet, som kan ha gjort observasjoner.
Tips og observasjoner kan meldast til politiet på telefon 02800, 112 eller på tipstelefon 476 96 060.