Politi | 25. juni 2024

Sakna kvinne: Ber folk sjekka hage, garasje og bod

Søket etter den sakna kvinna held fram.

Sakna kvinne: Ber folk sjekka hage, garasje og bod
Røde Kors har òg søkt langs land i Os hamn. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestysdag 25. juni 2024 14:14

I 08-tida i dag blei det oppdaga at ei kvinne var sakna frå heimen sin. Ho var sist observert klokka 02.

11.30 i dag gjekk politiet ut med informasjon om leiteaksjon.

– Vi er no 8 frå politiet og 35 frivillige som deltar i søket, seier innsatsleiar Øystein Magnussen til Midtsiden.

Dei søker i området rundt bustaden hennar i Varåsen, mot Borgafjellet, Ulvenvatnet og langs land i Os hamn.

Ekvipasjar (hund og førar) frå Norske redningshunder har søkt i terreng.

– Hundane er lært opp til å sjå etter avvik. Dei markerer på funn som skil seg frå normalen, men ikkje på turgåarar på sti, seier hundeførar Mali Sæbø.

Nala er ein av redningshundane som har vore i aksjon på Borgafjellet i dag. (Foto: Marie Kroka)
Nala er ein av redningshundane som har vore i aksjon på Borgafjellet i dag. (Foto: Marie Kroka)

Det er òg gjort finsøk i 300 meter radius rundt heimen hennar.

I 18-tida er det helikopter over Varåsen. (Foto: Elin Johnsen)
I 18-tida er det helikopter over Varåsen. (Foto: Elin Johnsen)

Sakna skal ha gått seg ein tur, og var ikkje heime då ektemannen vakna.

Eventuelle tips og observasjoner kan meldast til politiet på telefon 02800/112.

Den sakna kvinna er i 60-åra og cirka 180 centimeter høg. Ho er tynn og har mørkt, skulderlangt hår. Ho går truleg i støvlettar og prikkete skjørt.

– Vi har fått ein del tips, men det har foreløpig ikkje leia til noko funn.

Politiet oppfordrar no folk å leita i eigne hagar, garasjar og bodar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.