Lokal | 16. mai 2013

Kva skjer i langhelga?

Dette skjer på dei forskjellige utestadane i Os 16. og 17. mai og pinsehelga.

Kva skjer i langhelga?
Blues på Peppes 16. mai, jazz på Oseana 17. mai (foto: Andris Hamre)
Kari M. Lyssandtorsdag 16. mai 2013 07:58

Det er tid for å feira nasjonaldagen med pomp og prakt, nokre byrjar, tradisjonen tru, feiringa allereie dagen før. Det er fleire moglegheitar for dei som vil halda feiringa gåande ut i dei seine nattetimar. Her er noko av det som skjer på Os 16., 17. mai og pinsehelga:

16. mai

Første moglegheit til å oppleva levande musikk i kombinasjon med god mat og drikke på nyopna Engeline Mat og Vinhus blir torsdag 16. mai. Då kjem det akustiske bergensbandet Acoustify.

Peppes ladar dei opp til 17. mai med svingande blues i regi av Osøren blues og jazzfestival. Os-trioen Blue Note Shuffle med Steinar Lyssand, Torbjørn (Timmy) Kristiansen og Kjell Arne Haringstad held konsert, og sist gong dei spelte på Peppes var lokalet stappfullt og stemninga høg.

På utestaden Bar2Be har dei Patriotens veke og er klare til årest største utedag med DJ Noize-D som både er DJ og liveartist.

Solsiden held fram med pianobarsuksessen og 16. mai er det CJ Marwin som klimprar på pianoet Miss Molly.

Irish Cat har torsdagen alltid vore quizkveld, og 16. mai er inga unntak. Denne kvelden startar quizen klokka åtte, ein time tidlegare enn vanleg, etterfølgt av nattklubb.

17. mai

Sjå heile 17. mai-programmet her.

Oseana inviterar til trad.jazz 17. mai klokka 18, med Geir Mildestveit, Halvard Lyssand, Geirmund Sandven, Roald Gilje, Terje Neset og Stein Inge Brækhus.

– Restauranten, som har ope både til lunsj og middag, har allereie ein masse bestillingar, så her blir det mykje folk.

– Konserten blir i foajeen, og det blir garantert stor stemning.

– Løys opp på snippen og la pinsehelga starte med glad-jazz, oppmodar arrangementssjef Berit Steen.

Engeline kjem Gina med venner til å stå for underhaldninga medan du kan nyte eit godt måltid med noko attåt.

Bar2Be kjøyrer på med storjam på nasjonaldagen og inviterer til Brosteinsjam med Olav Skorpen.

Pianobaren held fram på Solsiden no med Erik Snapperud bak pianoet. Pianobaren vil også vera open 18. mai.

Irish cat og Bar2Be held i tillegg ope heile pinsehelga, til og med søndag. På Ole B speler Heine og Marita laurdagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.