– Kun små endringar
Større scene, ny startplass for hovudprosesjonen og nytt programhefte. Her er årets 17. mai-program for Os og krinsane.
Fram til midten av 90-talet starta prosesjonen i Os sentrum på grusbanen mellom kyrkja og ungdomsskulen.
– I år vender vi attende til grusbanen som startsted for 17.-maitoget.
– Det var rett og slett ikkje plass på skuleplassen sidan ungdomsskulen byggast om, fortel Os kommune sin nye 17. mai-general Kjetil Osablod Grønvigh.
Med ærefrykt
I mange år har Jonny Haugland hatt full kontroll og oversikt på over kva som skal skje kor 17. mai.
– Det er med eit lass av ærefrykt eg har tatt over for Jonny.
– 17. mai er tradisjonar som ein ikkje skal tulle med, så dei store endringane blir det ikkje, men litt har vi gjort, fortel Grønvigh som til dagen er tilsett på kulturkontoret i kommunen, men òg ein eldsjel i Os Rock City.
– Ein av dei tinga som eg såg eit forbetringspotensiale på, er sjølve scena på kyrkjeflaten.
– Difor har vi i år brukt litt penger for å leie inn ei proff scene med skikkelege veggar og tak.
– Oppå scena blir det òg litt endringar. Mellomanna kjem ORBO for å framføre låta Os kommune gav til alle husstander før jul - Heim til Os.
Programmet kjem
Ein av postane Grønvigh såg det var mogleg å spare inn litt penger på var distribusjon av programmet.
– Det gamle smale formatet var veldig dyrt å distribuere fordi det ikkje var eit standard-format.
– Loops hjalp meg difor å laga eit nytt format på programmet. Eg tykkjer det blei veldig bra og framleis går det å ha i innerlomma, forsikrar Grønvigh.
Meld ifrå
Programmet blir distribuert 13. - 15. mai.
– Om det er nokon som ikkje får det i postkassa, så ber eg om tilbakemeldingar på dette, slik at eg kan ta det med distributøren.
Ein anna ting 17. mai-generalen ønskjer tilbakemelding på er frå dei som vil delta med innslag i toget.
– Tidlegare har vi sendt ut brev til lag og organisasjonar med spørsmål om dei vil vera med i toget.
– I år tek vi det elektronisk. Eg håper alle som vil bidra kan sende meg ein e-post på kjgr@os-ho.kommune.no.
– Det blir premiering i år òg, forsikrar Grønvigh.
Reis kollektivt eller saman
Sidan grusbana ikkje kan nyttast til parkering i år har Grønvigh ei siste oppfordring å koma med.
– Vi kan få ei parkeringsutfordring i sentrum. Eg oppmodar difor folk, så langt det lar seg gjera å køyre kollektivt eller saman for å koma seg ned i sentrum, avsluttar Kjetil Osablod Grønvigh.
Programmet
Os sentrum
07.00 Os musikkforening spelar frå Finnebrekka.
10.00 Arrangement på Luranetunet. Tale ved Kommunestyrerepresentant Marianne Neumann Hjelle. Kulturelt innslag. Os musikkforening spelar.
10.00 Gudsteneste i Os Kyrkje. Sokneprest Anne-Marie Sandve og Kantor Andrew Holman. Offer til sjømannskyrkja/norsk kyrkje i utlandet. Song av Os mannskor.
11.00 Minneparken. tale ved Kommunestyrerepresentant Jon Sivert Rykkel. Os mannskor. Musikk ved Tom Nygård.
11.30 Oppstilling til prosesjon på grusbanen ved Os ungdomsskule.
11.45 Korpsa spelar «Ja vi elsker». Folketoget går gjennom sentrum ut ved Posten, sjukeheimen, retur via rundkjøringa, Rimi til Kyrkjeflaten (russebilane parkerer på skilta plass foran rådhuset).
12.45 Arrangement på Kyrkjeflaten (musikk ved Os & Kuventræ skulekorps og Os musikkforening).
- Opning: «Ja vi elsker».
- Ord for dagen ved Kuventræ barneskule.
- Song ved 1. og 2. klassetrinn ved Kuventræ barneskule.
- Tale for dagen ved varaordførar Marie E. Lunde Bruarøy.
- ORBO spelar «Heim til Os».
- Utdeling av premie for stiligaste og kjekkaste innslag i prosesjonen. Innslag frå folkeoperaen «HavFest».
- «Ossongen».
- Tale ved russepresident Margit Hilland Lærum.
- «Fagert er Landet».
14.00 slutt.
18.00 Oseana Kunst & Kultursenter. Musikk ved tradjazz-ensemble. Gratis arrangement i samarbeid med Os kommune.
Oseana Kafè & Restaurant sel rømmegraut og spekemat. Alle rettar.
Os skule
14.00 - 16.00 Aktivitetar og leikar for born på skuleplassen. Kafédrift i gymsal med sal av rømmegraut, betasuppe, kaffi, kaker, hot dog, is, brus og vaflar.
Kuventræ skule
14.00 Frammøte og opningsord på skuleplassen.
14.15-16.00 Aktivitetar og leikar for born på skuleplassen.
Kafédrift med sal av lapskaus, rømmegraut, hot-dog, brus, is og vaflar.
Hegglandsdalen
13.45 Frammøte på skuleplassen.
14.00 Prosesjon går frå skuleplassen mot Tveit.
14.45 tale for dagen v/elevar i 7. klassetrinn.
15.00 Kafe; sal av betasuppe, hot-dog, kake, kaffi, brus, is, sukkerspinn, popcorn. Leikar og aktivitetar for born og voksne.
16.00 Fotballkamp: 7. klasse mot føresette.
Søre Neset
14.00 Salutt. Toget startar frå Halhjem kai og går til Søre Neset skule. Søre Neset Musikklag speler.
14.40 To vers av nasjonalsongen, kor ved elevar frå 4. klassetrinn.
14.50 Tale for dagen ved elevar frå 7. klassetrinn. Søre Neset Musikklag speler.
15.00 Aktivitetane og salet startar
16.45-17.00 Premieutdeling på scenen.
Strøno
10.45 Frammøte i Krysset.
11.00 Prosesjonen går til skulen.
- Musikk ved Nore Neset Skulekorps.
- Tale for dagen ved 7. klassetrinn.
- Sal av brus, is, pølser og rømmegraut. Leikar og natursti start 12.00.
13.30 Premieutdeling og trekking av loddbøker.
17.00 - 19.00 Ungdomshuset Alvheim: Kafeteria, Luftgeværskyting. pilkast m.m.
Søre Øyane
10.15 Toget stiller opp ved Sundøybrua.
10.28 Salutt.
10.30 Søre Neset Musikklag spelar opp og vi syng ”Ja, vi elsker”. Toget startar og går til Utgjerdet.
11.30 Toget kjem inn til Søre Øyane skule. Vi samlast på fotballbanen og syng ”Gud signe vårt dyre fedreland”. Tale for dagen ved Vibeke Harild.
12.00 Leikar og konkurransar for små og store. sal av betasuppe, rømmegraut, pølser, kaffi, snop, is, og brus.
14.00 Premieutdeling og vandrepokal til ”Årets beste 17. mai tog-klasse”.
Søfteland
08.00 Musikken spelar ved Urheim.
10.45 Toget stiller opp ved Joker mat.
11.00 Toget går om Furuflaten til skulen.
12.00 Søfteland Musikklag spelar. Borna underheld med song.
- Tale av elevar i 7. klassetrinn.
- Tale for dagen av Simon Aasen.
- Premiering for beste innslag i toget.
12.45 Kappspringing med premieutdeling for born under skulealder og 1.-7. klassetrinn. Vi startar med dei minste. Aktivitetar for store og små. Turnoppvisning. div. leikar og underhaldning.
15.00 Premieutdeling og avslutning.
sal av kaffi, brus, pølser, is og kaker (fra kl 12.45).
sal av aktivitetskort/klippekort; kr 100,-
Dersom dårleg ver, vert delar av aktivitetane flytta inn.
Nore Neset
14.00 salutt: Prosesjonen går frå skuleplassen, over Skorvane og hovudvegen tilbake til skulen.
14.30 Skulekorpset spelar. Oppvisning ved drillkorpset. Tale for dagen ved Tor Inge Døsen.
15.00 Leikar for born og vaksne. dersom det blir stygt vær, blir delar av aktivitetane flytta inn. sal av is, brus, pølser, rømmegraut, kaffi og kaker.
16.00 Leikane vert avslutta.
16.45-17.00 Premieutdeling
Lysekloster
13.00 Opning i Lysekloster-ruinar. Deltaking av Lyshornet Brass m. fl. Tale for dagen ved Fredrik Schmidt Fotland.
13.50 Folketoget går frå Lysekloster-ruinar til Lysekloster skule.
15.00 Arrangement på Lysekloster skule. Leikar for born. underhaldning ved Lyshornet Brass m.m. sal av is, brus, smørbrød, kaker m.m. Loddsal og fine gevinstar.
16.30 Trekning av gevinstar.
Gratis buss til Klosterruinane:
12.00 Frå Drange
12.30 Frå Åsen
12.15 og 12.45 Frå skulen