Næringsliv | 12. mai 2013

– Ein stad vi sjølv vil gå!

Engeline satsar på restaurant-segmentet. – Vil vi noko skal skje i sentrum, må vi bidra sjølv, seier Borghild Strønen om nyvinninga Engeline Mat og Vinhus.

– Ein stad vi sjølv vil gå!
Tina Buer Bøe, Linda Marås, Jessica Hellstrøm, Aina Særvold Sælen og Gina Aspenes har mål om å skapa ein plass der folk vil møtast (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresundag 12. mai 2013 21:04

I fjor haust husa Engeline "Det naturlege kjøkken", no nyttar dei erfaringane frå då til å satsa på servering fredag og laurdagskvelder.

– Vi fekk ein god indikasjon i haust på at behovet for eit folkeleg restauranttilbud med skikkelig kvalitet på mat og drikke var der.

– Saman med desse flotte vaksne ungdommane har vi utarbeidd konseptet Engeline Mat og Vinhus med mottoet "Der mat og kultur møtast - i hjartet av Os", fortel Borghild Strønen og peikar på dei unge damene ho har fått med seg på laget.

Kos med mat, vin og musikk

Motivasjonen for heile gjengen er ønskje om å skapa noko positivt i Os sentrum.

– Vi kan ikkje sitta på gjerdet og venta på att andre skal ta tak.

– Både vi som næringsdrivande, og osingane som kunder, må skapa det sjølv, seier Strønen.

– Dette skal bli ein plass vi sjølv kan tenkje oss å gå.

– Her skal ein kunne nyta det gode livet har å by på med mat, vin og musikk, skyt "kultursjef" Gina Aspenes inn.

Levande musikk

Aspenes har sakna ein plass der ein kan oppleva ein konsert i kombinasjon med god mat og drikke.

– Vi ønkjer å skapa ein plass der folk møtast.

– Gjerne til god mat og drikke, men eg håpar også at kultur kan vera med på å gjera det til ein samlingsplass.

– Du veit, levande musikk skapar stemning, seier ei engasjert Gina Aspenes.

Første moglegheit blir allereie torsdag 16. mai kor det akustiske bergensbandet Acoustify spelar opp.

– Kva som kjem 17. mai, blir ei overrasking, smilar "kultursjefen" lurt.

Klassiske rettar med moderne vri

På kjøkkenet har Strønen tilsett Jessica Hellstrøm, med fartstid frå mellom anna "Hanne på Høyden".

– Jessica har satt saman ein spennande og variert à la carte-meny med ei fin blanding av kjøt, fisk og skalldyr, fortel Strønen.

– Det er mange klassiske rettar, men med ein moderne vri.

– Eg vil nytta det sesongen byr på av råvarer til å setta saman det eg trur kjem til å passa osingane, forklarar den nytilsette kokken.

Heimebakt heimebakt brød

Ein av tinga Jessica vil by på er ekte heimebakt brød.

– Her blir det ikkje halvfabrikata eller brød bakt av eit bakeri.

– Det første eg kjem til å gjera når eg kjem på jobb er å setta brøddeigen, slik at gjestane får nybakt ferskt brød.

– Eg trur det kjem til å falle i smak, smiler Jessica Hellstrøm.

Nybygd bar

Strønen står med malarkosten når vi møter den entusiastiske gjengen sundag. Mot peisen har dei nemleg bygd ny bar.

– Her kjem Aina (Særvold Sælen) og Tina (Buer Bøe) til å by på mykje godt i glasset.

– Saman med vinimportøren Ekjord har dei to satt saman ein spennande bar-meny, fortel Strønen.

Dei to har òg satt samen eit utval av cocktails og longdrinks.

– Det er ein del klassikarar og ein del som vi liker godt sjølv og som vi trur kan falla i smak.

– Det mest spennande er kanskje Engelines eige coctail, kor vi ut frå sesongens råvarar lagar laka sjølv, fortel dei to.

I baren vil det òg bli moglegheitar for smårettar og fingermat.

– Vi håper det kan bli ein samlingsplass for venninnegjengen som berre vil kosa seg ein kveld, eller for dei som vil ha ein stopp på veg til noko anna, skyt Jessica Hellstrøm inn.

Rustar opp uteserveringa

I tillegg til satsinga innendørs er Engeline i full sving med å rusta opp uteplassen ut mot Oselvo.

– Det skal bli ein triveleg uteplass kor folk kan nyta god sjømat og skalldyr med noko godt i glasset ein fin sommardag.

– Dette skal bli "Engelines hage" når vi får planta og ordna det slik vi vil, avslutter Strønen med eit smil.

Både uteserveringa og restauranten opnar torsdag 16. mai. Mat og vinhuset vil vera ope på kveldstid fredag og laurdager.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.