Vêret i Os | 04. des. 2022

Kulden held fram - torsdag er det meldt snø

Julestemninga kan auka dei komande dagane.

Kulden held fram - torsdag er det meldt snø
Soloppgang i Os hamn laurdag 3. desember. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 04. des. 2022 11:15

I dag blir nok ein solrik og kald dag, med skyfri himmel og minusgradar i Os.

Det kalde, tørre vêret held fram, men veka startar med ein overskya måndag før vi dei to neste dagane får sol igjen.

Temperaturen skal oppom tre plussgradar på det meste måndag og tysdag, med 1-3 minus om nettene.

Men til onsdag er det meldt minusgradar også gjennom heile dagen.

Torsdag melder Storm 0 til 3 plussgradar, sludd på dagtid og snø utover kvelden.

Fredag melder dei 1 plussgrad og meir snø.

Yr melder opphaldsvêr begge desse dagane.

Begge melder overskya og minusgradar neste helg, så det er kanskje på tide å setja akebrettet lett tilgjengeleg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.