Lokal | 02. jan. 2022

Melder regn og kuling den første veka i 2022

Men éin dag blir solrik.

Melder regn og kuling den første veka i 2022
Bjørnafjorden sett frå Mobergsneset i ettermiddag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 02. jan. 2022 20:38

Vi gjekk inn i det nye året under stjerneklar himmel nyttårsaftan, i lettare vêr enn det som var meldt, og etterfølgd av litt vind i luggen gjennom langhelga.

Dei neste dagane skal vindstyrken auka.

Både Yr og Storm melder oppunder 7 m/s vindstyrke frå sør og vest måndag og 8-11 m/s tysdag.

Det er venta sterkast vind ytst i fjorden.

Både måndag formiddag og heile tysdag kjem det nedbør. Temperaturen skal halda seg på 4 til 7 plussgradar.

Onsdag er det meldt lettskya og rundt null gradar.

Torsdag er det venta 2 minus og opphaldsvêr. Fredag kan det koma snø.

Kan opna for kveldskøyring

I Eikedalen er det venta snø både måndag, tysdag og fredag.

Eikedalen hadde sesongstart med ope barneområde 2. juledag.

Om dei er heldige med nedbørsmengdene dei neste dagane kan dei opna fleire heisar, også for kveldskøyring, i løpet av veka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.