Krasja på Halhjem
• Norsk personbil kolliderte med latvisk vogntog.• Politiet stoppa ungdomsfest på Hagavik.
Det har vore ei ganske roleg helg for politiet i Os.
Politiet har oppretta sak etter ei båtulykke fredag ettermiddag.
Natt til laurdag fekk dei melding om at nokon hadde gått og kjent på dørene i Gymnasvegen, og om fyrverkeri som blei slengt framfor bilar på Lyssand.
Lite interessert i skademelding
– Laurdag kveld fekk vi melding om at det hadde vore ei trafikkulykke mellom ein norsk personbil og et latvisk vogntog på Halhjem ferjekai, seier politibetjent Rune Fimreite.
Det var ingen personskade, men den utanlandske vogntogsjåføren skal først ikkje ha vore så interessert i å skriva skademeldingsskjema.
– Men det ordna seg til slutt, utan at vi var ute på saka.
Stoppa ungdomsfest
Natt til laurdag var politiet ute på ein fest på Hagavik.
– Festdeltakarane er mindreårige og det hadde kome fleire gjestar enn det som var invitert.
– Nokre blei bortvist frå staden, i tillegg tømte vi ut ein del alkohol. Ungdomane var ikkje overstadig rusa, men for unge til å drikka alkohol.