- Lås døra om natta
Ukjende som kjenner på dører natterstid. Farlig forbikøyring på Halhjemsvegen.
Politiet har fått melding frå Os kommune om at ukjende har vore å kjent på dører i omsorgsboligene i Gymnasvegen fleire netter på rad.
- På generelt grunnlag er det kanskje på sin plass å oppmode folk om å låse dørene sine natterstid, seier politibetjent Rune Fimreite.
- Vi har hatt perioder tidlegare kor ukjende har vore inne i gangen hos folk og leita etter verdisaker i jakker også tidlegare på kvelden.
- Den tida som var då ein kunne la huset stå ope heile døgnet er nok over, trur Fimreite.
Dei som har vore i gymnasvegen skal ikkje ha kome inn i leilegheitene.
Observerte stygg forbikøyring
Klokka 0100 stoppa patrulja frå Os lensmannskontor ein bil på vekta ved ytre Moberg.
- Dei hadde då observert bilføraren gjera ei farleg forbikøyring på E-39 Halhjemsvegen.
- Føraren vil bli anmeldt for brot på vegtrafikkloven § 3, fortel Fimreite.
Det har òg kome melding om at fyrverkeri skal ha blitt kasta mot bilar i Hegglandsdalsvegen ved Lyssandfabrikken, men gjerningspersonane blei ikkje funnen.