Lokal | 11. jan. 2013

Slengt i sjøen i båtulykke

Ei 17 år gamal jente hamna i sjøen då ein cabincruiser kjørte på 14-fotaren ho sat i.

Slengt i sjøen i båtulykke
Den skadde jolla blei slept til Os hamn og løfta på land. (Foto: Varde Film og Media)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. jan. 2013 21:33

Fredag klokka 17.50 fekk politiet melding om båtulykke mellom Solstrand og Hatvik.

– To tenåringar, ein gut og ei jente, sat i ei jolle på fjorden medan to venar var uti for å dykka, fortel politibetjent Kjartan Snorrason.

Så kom ein 28 fot stor turbåt, på veg frå Os til Hatvik, og kjørte på båten dei sat i.

Til Haukeland med kutt i leppa

– Jenta blei slengt i sjøen, guten sat igjen i båten. Dei fekk jenta om bord igjen og dei to fekk med seg dykkarane i cabincruisaren, som kjørte alle til land i Os sentrum med den skadde jolla på slep.

Jenta skal ha fått eit kutt i leppa og hadde smerter i ryggen etter ulykka. Ho blei kjørt med ambulanse til Haukeland for sjekk.

Ein av to med lanterne

Cabincruisaren hadde fleire passasjerar. Føraren er ein mann i 60-åra. Han er ikkje mistenkt for promillekjøring.

– Hadde båtane lanterneføring?

– Cabincruisaren skal ha hatt lys, men ikkje jolla, seier Snorrason.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.