Kor gamle er røykvarslarane dine?
I morgon er Røykvarslardagen.
Pressemelding, Bjørnafjorden brann og redning:
Har du sjekka kor gamle røykvarslarane dine er? Røykvarslarar bør bytast ut etter 8–10 år. Test røykvarslarane og byt batteri på Røykvarslardagen 1. desember.
– I Noreg har det vore 1.123 bustadbrannar til no i år. Tidleg oppdaging av brann er avgjerande for å redda liv og sørgjer for at du og dine nærmaste kjem dykk ut i tide, seier branninspektør Aleksandra Kamieniecka.
Statistikken over viser at berre 25 % av brannane blir oppdaga av røykvarslar eller automatisk brannalarm, medan dei fleste brannane blir oppdaga først når ein kan sjå flammar eller lukta røyk.
– Ofte har brannen fått utvikla seg så mykje på dette tidspunktet, at brannvesenet kan ha avgrensa moglegheiter for innsats. Me kan bli endå flinkare på å sørgja for tidleg varsling, altså ha nok fungerande røykvarslarar heime.
Elektronikken i røykvarslarar taper seg over tid. I tillegg kan evna til å detektere røyk bli redusert grunna støv og smuss som samlar seg opp i løpet av åra.
– Røykvarslarar er generelt modne for utskifting etter 8–10 år. Du bør difor sjekka alderen på røykvarslarane dine og vurdera om det er på tide å byte dei ut. Produksjonsdatoen står på baksida av røykvarslaren, opplyser Vegard Hjelle, brannførebyggar og brannkonstabel i Bjørnafjorden brann og redning.
Røykvarslarar er EE-avfall Når du byter sjølve røykvarslaren eller skifter batteri, er det viktig at du sjekkar med testknappen at varslaren fungerer. Røykvarslarar er EE-avfall som ikkje skal kastast i søpla. Gamle røykvarslarar kan leverast inn gratis hos ein forhandlar eller attvinningsstasjon.
Kople saman røykvarslarane
Alle bustader skal ha nok røykvarslarar eller brannalarmanlegg. Målet er at alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.
Du bør teste røykvarslarane dine jamleg og etter kvar gong du har vore vekke lenge. Det er også ein fordel å støvsuge varslaren med jamne mellomrom. Dette vil forlenge levetida til varslaren.
– Du bør kople saman røykvarslarane, slik at alle pip samstundes ved brann. Dette kan gi deg verdifull tid til å evakuere, til dømes viss ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vere med på å redde liv, påpeiker Hjelle.
Ta med barna
Mange tenkjer at brannar ikkje er noko som kan skje i deira heim, men det kan byrje brenna heime hos alle. Ein må vere sin eigen brannsjef og førebyggje brann gjennom brannvern og opplæring.
– Ein fin aktivitet i desember kan vere å ta med heile familien på å leita etter gode rømingsvegar, kontrollera brannsløkkjaren og sjekka røykvarslarane. Lag ulike scenario, til dømes at familien søv eller lagar mat, og få ein person til å aktivera røykvarslar. Sjekk om de faktisk kan høyra han - tilrår Kamieniecka.
Sjå også: Sånn kan du ha brannøving i heimen (Brannvernforeningen)
Rett plassering av røykvarslaren:
- Monter røykvarslaren på det høgste punktet i taket og minst ein halv meter frå veggen.
- Det skal være minst én detektor eller røykvarsler i hver etasje, som skal dekke kjøkken og stue, der det er en dør mellom rommene som kan lukkes.
- Røykvarsleren skal også dekke sonen utenfor soverom og sone utenfor tekniske rom.
- Alarmen skal kunne høres tydelig på oppholdsrom og soverom når dørene mellom rommene er lukket.
- Ved seriekopling, så la ikkje avstanden mellom to røykvarslarar vere for stor.
Og det aller viktigaste:
Ha så mange røykvarslarar i bustaden at du høyrer alarmen tydeleg frå alle rom, sjølv med lukka dør.
– Det viktigaste er likevel at røykvarslarar plasserast slik at dei er mogleg å høyra for dei personane som bur i bustaden. Her bør det takast omsyn til nedsett høyrsle, livsstil og andre individuelle forhold, understrekar Kamieniecka.