Redda seg ut av brennande hus
Då brannvesenet rykte ut låg det eit tre og sperra vegen.
To personar er frakta til legevakt etter bustadbrann i Hegglandsdalen.
Laurdag i 22.30-tida, mellom rydding av veg og berging av båtar i stormen Nina, rykte Os brannvesen ut på bustadbrann nummer to i dag.
– Hadde det ikkje vore for at frivillig brannstyrke-medlem Torgeir Skutlaberg var i nærleiken med motorsag så hadde vi mista huset, seier varabrannsjef Arne Monsen.
Rydda vekk tre mens tankbilen var på veg
Monsen hadde akkurat kome heim for å få seg litt mat på tampen av ei hektisk uvêrsvakt då alarmen gjekk. Igjen.
– Skutlaberg hadde også reist heim, men bur i nærleiken og hadde vore så smart at han hadde lagt motorsaga i den private bilen sin.
Brannvesenet har rydda vekk fleire titalt tre frå vegane i Os i dag.
– Då han kom, som førstemann til staden, fekk han rydda vekk treet før vi kom med tankbilen og røykdykkarar.
– Utan innsatsen hans i dag hadde vi truleg mista huset.
Store skadar
To personar var i huset då det byrja å brenna. Begge kom seg ut, men er frakta til legevakt for sjekk.
– Arbeidet med sløkkinga gjekk greit. Det brann på kjøkkenet, via ytterkledningen og opp på loftet. Fleire av rutene blei sugd inn og knuste.
Brann på Drange tidlegare i dag
Tidlegare laurdag, før stormen kom til land, rykte brannvesenet ut på melding om bustadbrann på Drange.
Det skal ha vore ein eksplosjonsarta brann i ein spesialkomfyr, men huseigar, som var heime, sløkte sjølv.
– Vi såg over at alt var sløkt, fortel Monsen.