Politi | 14. feb. 2024

Kontrollerte køyretøy som kom med ferja

Ferjepassasjer reagerte på lasta.

Kontrollerte køyretøy som kom med ferja
Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy.
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesonsdag 14. feb. 2024 08:33

Tysdag ettermiddag litt før klokka 17 fekk politiet ei melding om eit køyretøy på ferja mellom Stord og Halhjem.

Meldinga kom frå ein passasjer på ferja som reagerte på lasta til føraren.

– Meldaren mistenkte føraren for overlast av skiferheller, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Bilen stod framst på ferja, og blei kontrollert av politiet ved ankomst.

– Vi kontrollerte både køyretøy og førar, fortel Lyssand.

Etter ei nærmare sjekk, kunne føraren køyra vidare utan at politiet fant noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.