Politi | 13. feb. 2024

Punkterte i 100-sone

Trøbbel på motorvegen og buss i snøfonn.

Punkterte i 100-sone
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestysdag 13. feb. 2024 07:53

Måndag morgon fekk politiet melding om eit køyretøy som hadde stansa i Lyshorntunnelen.

Ein mann i 60-åra hadde vore uheldig å punktert eit dekk.

Vegtrafikksentralen blei varsla, og politiet rykte ut for å hjelpa mannen.

– Han kunne køyra igjen frå staden etter kort tid, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Måndag kveld fekk politiet ei ny melding.

Ein buss hadde hamna inn i ei snøfonn ved Drangsvågen.

Bilbergar blei bestilt og andre bilar kunne passera medan bussen venta på hjelp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.