Fekk melding om hund gjennom isen
Brannvesenet rykte ut til Hetleflåten.
Fredag i 17-tida kom det melding om ein hund som hadde gått gjennom isen på Hetleflotvatnet.
– Brannvesenet rykte ut, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.
Då dei kom fram hadde hunden kome seg opp for eiga maskin.
Laurdag kveld fekk politiet melding om ei anna risikofylt vandring, denne gong ein mann.
– Han skal først ha gått langs E39 ved Lepsøykrysset, og så skal han ha gått midt i vegbanen.
Politiet rykte ut, sjekka vedkomande og sendte han i retning heim, på eit tryggare spor.
Som vi omtalte i går, så hadde UP kontroll på Halhjemsvegen, der dei skreiv ut ni forelegg.
I tillegg var det kontroll på promillekontroll på Hatvikvegen seinare på kvelden. 52 blei sjekka utan at politiet fann noko å reagera på.
Fredag ettermiddag var det promillekontroll på Halhjem ferjekai. Her blei 20 bilistar sjekka, og alle var køyrbare.