Næringsliv | 06. jan. 2015

– Kolleksjonane har treft godt

B-Young er butikken med størst vekst på AMFI Os i fjor. Her er topp 10-lista.

– Kolleksjonane har treft godt
Aina Skaar og B-Young auka omsetnaden med over 30 prosent frå 2013 til 2014. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 06. jan. 2015 09:02

Butikkane på AMFI Os hadde samla sett ein vekst på 3 prosent i 2014 samanlikna med 2013. Om vi berre ser på samanliknbare butikkar er veksten på 5 prosent.

32 av butikkane auka omsetnaden sin, færre enn 10 opplevde nedgang.

Den som vaks mest er damemotebutikken B-Young, som auka med heile 30,82 prosent.

Sjå topp 10-lista nedst i artikkelen.

Utan tryllestav

– Det har ikkje vore noko hokus-pokus, vi har berre auka jamt, seier medeigar Aina Skaar.

– Hovudårsaka kan vi kanskje takka kjeden for. Dei har treft godt med kolleksjonane.

I fjor var butikken på 4. plass på vekst-lista.

Takkar senterleiinga

Skaar eig butikken saman med Marianne Hjelle Havsgård og Marianne Gjerde.

Dei tre eig også Kitch'n, som i haust utvida i same senter, og nystarta B-Young på Nesttunsenteret.

Aina takkar også senterleiinga for den gode trenden.

– Vår målgruppe er gjerne frå 25 år og opp, med flest kundar frå 40 år og opp i alder. I nabobutikken Zeller har dei meir for dei yngre.

– Eg synest butikksamansetjinga på senteret er veldig god, det same er stemninga og atmosfæren. Det er vi mange som har glede av, meiner ho.

Topp 10 - vekstomsetnad på AMFI i 2014

(Plassering/prosentvekst i 2013 i parantes)

1. B-Young 30,8 % (4. plass/12,3 % )
2. Hurtigruta Carglass 17,1 %
3. Apotek1 14,3 % (7, plass/7,9 %)
4. Europris 14,1 %
5. Brilleland 11 % (6. plass/8,8 %)
6. COOP Extra 8,8 % (3. plass/12,8 %)
6. Parfymeriet 8,8 %
8. Lysthuset 7,4 %
9. Tropehagen Zoo 7,1 %
10. Kapp Ahl 6,8 %

Her kan du sjå topp 10-lista frå 2013 , der Kid og Tilbords tok dei to øvste plassane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.