Næringsliv | 03. jan. 2014

Pilene peiker framleis opp

Amfisenteret passerte i 2013 ein halv milliard i omsetnad. Her er topp 10-lista, der Kid Interiør toppar med heile 25 prosent vekst.

Pilene peiker framleis opp
Butikkane på AMFI Os vaks med til saman 5 prosent i omsetnad frå rekordåret 2012 til 2013. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. jan. 2014 14:23

– Vi er veldig nøgd. I år òg.

Senterleiar Anne Kristine Tøsdal gler seg over nok eit rekordår for AMFI Os.

– Og så var det godt å passera ein halv milliard kroner i samla omsetnad i butikkane våre.

Delar av fjoråret var prega av bygging av rundkjøring og ombygging for opning av nye butikkar.

– Rundkjøringa har vi hatt glede av i haust, men det var også fleire månadar med bygging og alternativ innkjørsle til senteret. Likevel har butikkane våre klart seg bra.

5 prosent opp

Samla omsetnad i 2013 blei 508,5 millionar kroner, mot 493 millionar i 2012, som også var eit rekordår.

Det tilsvarar ei auke på 3,2 prosent.

– Men om vi berre ser på samanliknbare butikkar vaks omsetnaden med 5,1 prosent, fortel Tøsdal.

Dei to kategoriane som vaks mest var klede og sko og hus og heim.

– Bergensarar kjører til Os

Butikken med høgast vekst er Kid Interiør.

– Dei har same lokale som før, men har vakse med rett over 25 prosent. Det er sånn at kjeden sentralt har dobbeltsjekka og spurd meg om dei verkeleg ikkje har utvida eller flytta, når eg har rapportert inn tala, fortel senterleiaren.

Butikksjef Aashild Årsvoll trur det er fleire årsaker til at Kid har vakse så mykje.

– Med Gjelsten som eigar har kjeden vore betre rusta, vi går nesten aldri tom for bestseljarane våre og vi er meir synlege enn før.

– No har eg berre vore butikksjef i eitt år, og kjenner ikkje historia eller Os så godt. Men eg har inntrykk av at det er mykje bygging i Os, og då er det mange som treng varer vi har å tilby.

– I tillegg ser vi at fleire bergensarar kjører til Os og handlar, fleire nemner god service på senteret som årsak. Og vi trivt i jobben vår, eg har nokre veldig hyggelege kollegaer og vi har det gøy på jobb.

Topp 10 - desse vaks mest på AMFI i 2013

Her er dei 10 butikkane på AMFI Os med høgast vekst i omsetnad frå 2012 til 2013.

1. Kid Interiør: 25 %
2. Tilbords: 18,9 %
3. COOP Extra: 12,8 %
4. B-Young: 12,3 %
5. Baretti: 10 %
6. Brilleland: 8,8 %
7. Apotek1 Flåten: 7,9 %
8. Elkjøp: 7,5 %
9. Essens: 7,1 %
10. Lindex: 5,9 %

Alle på lista hadde også vekst frå 2011 til 2012.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.