Stor utviding av Kitch'n
I sommar valte to kjedar med butikk på AMFI Os å stenga. Interessa for lokala har vore stor og no er det signert kontrakt på eitt av dei.
I juni gjekk Casa Design konkurs, i juli valte selskapet som eigde Vic-butikken å stenga dørene. Dei to ledige lokala har delvis vore brukt som utstilling, det eine som lågprisutsal for Sport1, men no er det signert ny leigeavtale i andreetasje.
– Nabobutikken Kitch'n overtar og utvidar butikken sin frå 107 til 177 kvadratmeter, fortel senterleiar Anne Kristine Tøsdal.
Også for Casa-lokalet har det vore bra interesse.
– Seinast førre veke hadde eg omvising med tre interessentar. Det er ikkje kjekt når lokale står tomme, men det går som oftast berre eit par månadar så er nye på plass.
– Eg forstår godt at det er interesse for å etablera seg i Os. Vi har folkevekst og ny veg på gang, og senteret i seg sjølv veks i omsetnad frå år til år.
– Vi treng meir plass
Det er Aina Skaar, Marianne Hjelle Havsgård og Marianne Gjerde som eig Kitch'n-butikken på Os etter at dei overtok i februar i fjor.
– Lokalet er smalt, vi har lenge ønskt oss betre plass. Også kjeden har kommentert at vi bør følgja med om noko større blei ledig, fortel Marianne Havsgård.
Saman med Aina opna ho butikken Kaze i Eikelandsfjorden og B-Young på AMFI Os i 2006. I fjor tok dei ei styrt avvikling av Kaze, og dei driftige damene, som hadde fått med seg Marianne Gjerde på laget, hadde kapasitet til å driva fleire butikkar.
I juni i år opna dei B-Young på Nesttunsenteret.
– Også dette er drive av Amfikjeden og dei skal i vinter både pussa opp og omprofilera til AMFI. Starten har vore god og vi ser fram til dette.
God kjøkkenkjede
Marianne fortel at alle butikkane går fint, men at det skal bli ekstra godt å få utvida kjøkkenbutikken.
– Kitch'n er ein veldig god og spennande kjede, med kjente og spennande kvalitetsmerke og hyppig frekvens av nye varer og kampanjar.
– Kjeden hjelper oss med å teikna og planlegga den utvida butikken, som vi førebels ikkje har opningsdato for, men som vi reknar med blir klar i november ein gong.
Kjeden blei starta i 1996 og har utspring i ein butikk på kjøpesenteret Kvadrat i Sandnes. Den tel i dag rundt 100 butikkar i Noreg.