Kroken på døra hos Casa Design
Eigarane har begjært oppbod på alle Casa-butikkane.
I september i fjor opna Casa Design på AMFI Os. No er butikken stengt.
«Vi har i dag mottatt melding om at Casa Design har begjært oppbud for sine 5 butikker» står det på eit notat frå senterkontoret på den stengte døra. Meldinga er datert 23. juni.
Casa Design har seks butikkar, alle i Hordaland, på Sartor, Gullgruven, Laksevåg, Kløverhuset og Bergen Storsenter, i tillegg til den på Amfisenteret i Os.
Det er Lende Holding AS som eig 100 prosent av aksjane i dei registrerte fem Casa Design-aksjeselskapa som er registrert.
Midtsiden har verken fått tak i senterleiar Anne Kristine Tøsdal eller innehavar, Elin og Inge Lende, tysdag kveld.
«Butikken er stengt inntil vidare» melder senterkontoret.
Om det er håp om reopning av butikken er uvisst.