Sport | 29. sep. 2013

Klassesiger i Stoltzen

Anne Marit Skjeie (50) frå Os sette ny personleg rekord og vann klassen sin i Stoltzekleiven Opp.

Klassesiger i Stoltzen
Anne Marit Skjeie, her då ho for to veker sidan vann klassen sin i Langedalen Opp, stakk også av med sigeren i Stoltzen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 29. sep. 2013 08:39

I helga har årets Stoltzekleiven Opp gått av stabelen - med løyperekord i både kvinne- og herreklassen.

Thorbjørn Ludvigsen, som førre helg sette ny løyperekord i Liafjellet Opp, sprang opp på 08:06 og slo sensasjonelt Jon Tvedt sin rekord på 08.13, som har stått sidan 1995 (!).

Kristine Størmer Steira sprang opp dei 800 trappetrinna på 9:35 og knuste den tidlegare kvinnerekorden på 9.56, sett av Anita Horkestad.

Anne Marit vann klassen sin

Anne Marit Skjeie, som for to veker sidan kom på 2. plass uansett klasse i Langedalen Opp, gjekk til topps i klassen 50 - 54 år i Stoltzen.

I konkurranse med 123 andre i klassen sette Anne Marit ny personleg rekord med 12:25 og vann.

– Eg har ikkje førebudd meg på annan måte enn før, seier Anne Marit, som jobbar som instruktør hos Sprek og Blid Os.

Den gamle rekorden hennar var på 12:50 og er frå 2004.

– Det går i spin-timar, styrke og instruksjon på seniortrim, eg har berre hatt fire fjellturar sidan 4. august.

– Eg var veldig glad for at eg fekk plass, eg saman med 1000 andre på venteliste. Og så var det naturlegvis veldig kjekt å koma til topps og få tida si.

– Og då var du sprengt?

– Nei, eg har ikkje den evna til å ta meg sånn ut, eg er ikkje den så sleng meg over mål. Så eg har nok meir inne, trur den spreke 50-åringen.

Pers av Styrvoll

Raskaste herre frå treningssenteret i Os Næringspark var Kjetil Styrvoll, som persa og sprang opp på 10:41.

Geir S. Skaten frå Opptur Motbakkeklubb, var raskaste frå Os og kom på 3. plass i klassen 35-39 år.

Han kom i mål på 9:50, medan persen hans er på 9:25 (2001).

Den raske ungdomen Øyvind Odland kom i mål på 10:31, godt nok til 18. plass i gutar 15-17 år. I fjor sprang han på 10:23.

Sjå òg: Resultatliste på stoltzen.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.