Dei raskaste damene
Her er video, bildeserie og komplette resultatlister frå Langedalen Opp 2013.
Langedalen Opp 2013 blei nesten like folksam som i fjor, med 100 deltakarar mot 145 i førsteåret 2012.
Nivået var høgt og det blei sett ny løyperekord på herresida av vinnar Espen Roll Carlsen (BFG Fana), som sprang i mål på 07:05, 15 sekund betre enn vinnartida til Jørgen Axelsen i fjor.
Les òg: Ny rekord opp Langedalen
Verken Axelsen eller Kirsten Marathon Melkevik, som vann kvinneklassen i fjor, deltok i år.
– Løypa passa meg bra
Roll Carlsen seier han likte Langedalen og at løypa passa han bra, men at han var redd for at han skulle sprekka.
– Det var ei gøy løype med to skikkeleg stigningar, noko som tillet høg fart. Eg hadde plan om å venta til stigning nummer to med å gje gass, men så kribla det sånn i beina at eg starta tidlegare.
– Eg frykta at eg skulle bli straffa for at eg var utålmodig, og det blei eg nesten. Eg stivna litt til og Robert Bergstø tok innpå, men heldigvis heldt det til mål.
Bergstø kom på 5. plass i Lyderhorn dagen før, men sprang også inn på ei tid betre enn vinnartida i fjor.
Slått av kjærasten
Bjarne Kleivane er keeper for Samnanger og var med ei redning på tampen av kampen mot Søfteland (6. divisjon) med på å sørgja for poengdeling mot serieleiaren laurdag.
Han vågde seg likevel til Søfteland for å springa opp langedalen søndag.
– Eg synest han var flink som kom i mål på under 10 minutt dagen etter kamp, seier kjærasten Eli Anne Dvergsdal, som vann kvinneklassen på 09:25, 33 sekund betre tid enn Bjarne.
– Eg er eigentleg fotballspelar eg òg, men springer motbakke når det passar med speleprogrammet, fortel ho.
RESULTAT
Alle resultata finn du som bildefiler i høgre marg.
VIDEO: Sjå målgang i alle klassane, der William Tobias Eskedal kom først i mål i turklassen, som var utan tidtaking, Sander Hatleli Aasen og Kjersti Tysse Plätzer vann kort løype. (Foto: KVB)