Sport | 06. feb. 2013

Klarte seg bra mot A-gruppa

Etter å ha debuter med å vinna dei to første seriehelgene fekk voleyballdamene til Søre Neset prøva seg mot laga i A-gruppa. Der gjorde dei seg ikkje bort.

Klarte seg bra mot A-gruppa
Søre Neset sitt volleyballag i ein tidlegare kamp. (Privat arkivfoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. feb. 2013 22:48

I haust debuterte det eitt år unge damelaget til Søre Neset i serien.

Les òg: Suveren debut i serien

Søre Neset vann tre av tre kampar i første seriehelg i 3. divisjon gruppe B, begge innleiande rundane og finalen mot vinnaren av den andre B-gruppa.

Også i den andre seriehelga kom dei best ut etter innleiande rundar og vann finalen.

– I helga spelte vi tredje seriehelg, og då fekk vi prøva oss mot sterkare motstand, seier trenar Morten Eriksen.

Der møtte dei nemleg laga i 3. divisjon gruppe A, laga som kjempar om opprykk til 2. divisjon.

Slo gamle lagvenninner

To av spelarane på Søre Neset har tidlegare spelt på Hordvik, som Søre Neset møtte i første av fem (!) seriekampar i helga.

Søre Neset klemte til og vann 28-26 i begge dei første setta, dermed var sigeren i boks.

– Kamp nummer to gjekk mot Trio. Den starta vi godt, med litt flaks vann vi første sett 26-24. Men så blei eg litt for kreativ i måten eg styrte laget på i andre sett, så der blei det tap, innrømmer Eriksen.

Tredje sett enda med knepent 14-16-tap.

Gav juling - fekk juling

I tredje kamp sto Sotra 2 for tur, og Søre Neset vann suverent. Men mot Sotra 1 fekk dei sjølv juling.

– Då var vi tom for krefter, det tar på med så mange kampar på rad og vi fekk skikkeleg bank.

Tredje kamp gjekk mot Bryggen, ein rutinert gjeng som slo Søre Neset i to jamne sett.

I sympati med Strandvik

Eriksen om ei sportsleg god helg, men også om eit lag og ein volleyballmiljø i sorg etter bilulykka i Fusa for litt over ei veke sidan.

– Marit Elisabet Tuft, som omkom i ulykka, var trenar for Strandvik sine volleyballjenter.

– Vi har eit godt samarbeid med Strandvik og er naturlegvis veldig trist for det som skjedde.

Til seirierunden i helga trengte Eriksen nokre ekstra spelarar, og han fekk lov av kretsen å ta med to av jentene frå Strandvik.

– Vi trengte hjelp og tenkte samtidig at det kanskje ville vera kjekt for nokre av spelarane frå Strandvik å få seg ein kamp, å få noko anna å tenkja på.

– Og spelarane, som har erfaring frå eit U17-lag, klarte seg veldig bra i senior 3. divisjon. Det var fint å ha dei med, seier Morten Eriksen, som samtidig gjev ros til eigen kaptein, Karina Nilsen, for stødig gjennomføring av ei tøff og god kamphelg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.