Suveren debut i serien
I fjor på denne tida samla ein volleyball-gjeng seg om å danna damelag på Søre Neset. I helga debuterte dei i serien og vann alle dei tre kampane suverent.
Søre Neset idrettslag fekk for om lag eit år sidan danna damelag i volleyball.
– Nokre av jentene har spelt på yngre trinn i klubben tidlegare, andre var meir ferske, fortel trenar Morten Eriksen.
Damelaget har deltatt på nokre få turneringer, men i helga var første serierunde for damene som startar i 3. og lågaste divisjon.
– Serien er delt i fire kamphelger, divisjonen er delt i A og B, med B for yngre og ferskare lag, forklarar Eriksen.
Dei seks laga i avdeling B kjempa mot kvarande i to puljer.
Vann finalen
Søre Neset vann 2-1 over Sotra 2 og 2-0 over BSI 5. Så møtte dei Nyborg, som vann den andre pulja, til finale.
– Vi var i grunnen aldri truga i finalen heller og vann første av fire seriehelger etter berre å ha tapt eitt sett, seier Morten Eriksen nøgd.
– Vinn vi serien samanlagt speler vi finale mot vinnaren av A-avdelinga. Vinn vi den rykker vi opp, om vi vil.
Handballkeeper slår til
Vibeke Ingebrigtsen, som står i mål for Os sitt damelag (2. divisjon), blir med sine knallharde smashar trekt fram som ein nøkkelspelar på det ferke volleyballaget.
Laget trener tre gongar i veka, i Nore Neset Aktivitetshus og i Oshallen.