Kultur | 07. okt. 2022

Kjent kunstnar kjem til Os

Bringar Vestlandet sin storslåtte natur til vesle Sundøy og Vedholmen Galleri.

Kjent kunstnar kjem til Os
«Streif» av Opdahl innfelt.
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveifredag 07. okt. 2022 12:07

Den velrenommerte kunstnaren Ørnulf Opdahl bringar Vestlandet sitt storslåtte natur til lille Sundøy og Vedholmen Galleri.

På årets haustutstilling hos Vedholmen Galleri får du oppleva måleri og etsingar av den kjende kunstnaren.

Galleriet inviterer til vernissasje imorgon, laurdag.

Fangar Vestlandet

Opdahl er ein av Norges mest kjende kunstnarar og står som ein av dei fremste tolkarane av Vestlandet. Med ekspressive og røffe strøk fangar han det skiftande lyset over det dramatiske landskapet, skriv Vedholmen Galleri i ei pressemelding.

Ørnulf Opdalh vil sjølv vere til stades imorgon på Vedholmen Galleri.

Kunstnaren har hatt fleire kunstnariske prosjekt i samarbeid med H.K.M. Dronning Sonja.

Han er representert i alle kunstmuseum og større samlingar i landet, forutan ei rekke samlingar og museum i utlandet.

Opningstale og sang

Kunsthistorikar Knut Ormhaug skal helde opningstale av haustutstillinga.

Ormhaug har tidlegare vore tilsett ved KODE i Bergen, både som direktør og kurator, i over 30 år.

Du kan også nyta flotte tonar og sang ved sopran Annika Beinnes.

Ho har utdanning frå Grieg Akademiet og frå Det Kongelege Danske Musikkkonservatorium i København.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.