Tildelt midlar til kultur for eldre
Berre Bergen og Alver får meir enn Bjørnafjorden.
– Vi skal legge til rette for at eldre i Vestland skal få oppleve profesjonell kunst og kultur, seier utvalsleiar Stian Davies i ei pressemelding etter at hovudutval for kultur, idrett og inkludering har vedteke å løyve i underkant av fire millionar kroner til den kulturelle spaserstokken.
Hovudutvalet fordelar pengane på 38 av dei 43 kommunane i fylket. Fem kommunar søkte ikkje om pengar.
Bjørnafjorden kommune får 159.660 kroner.
Bergen og Alver får mest, med 1.191.425 og 184.066 kroner, Fedje får minst, med 6.000 kroner.
– Målet er å bidra til kunst- og kulturformidling for eldre i eit samarbeid mellom kultursektoren og helse- og omsorgssektoren i kommunane. Slik kan gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt bli utvikla innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk.
Kulturtilbod av høg kvalitet
Sidan 2014 har fylkeskommunen kvart år tildelt pengar til den kulturelle spaserstokken.
– Spaserstokken skal legge til rette for auka samarbeid mellom kultur- og omsorgssektoren. Alle kommunar kan søkje og vel sjølv korleis dei vil organisere tilbodet.
– Men det er eit krav at pengane skal nyttast til kulturtilbod av høg kvalitet og vere tilgjengeleg på arenaer der eldre har sitt daglege liv, seier utvalsleiar Stian Davies.